LEIF MÆHLE

Professor emeritus Leif Mæhle, fødd i Sunndal 17. mai 1927, døydde 1. september, 89 år gammal, etter eit langt liv i nynorskens teneste.

Han var tilsett ved Universitetet i Oslo frå 1966, tok doktorgraden på ei avhandling om Olav Aukrust 1969, og fekk professorstilling i nordisk, særleg nynorsk litteratur same året. Den nynorske litteraturen var Mæhles forskingsfelt og hovudinteresse. Han har skrive mest om Aukrust-generasjonen: Tore Ørjasæter, Kristofer Uppdal, Olav Duun, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas, Tor Jonsson, men også om eldre diktarar som Vinje og Garborg. Han grunnla og redigerte Norsk Litterær Årbok med bibliografien over norsk litteraturforsking 1966 – 88. Leif Mæhle hadde nær sagt tallause tillitsverv i institusjonar som arbeider for å fremje nynorsken, og var ikkje minst ein dyktig nettverksbyggjar. Han var i 16 år skiftevis leiar og nestleiar i Norsk språkråd, og var elles medlem i rådet for Norsk Ordbok, generalsekretær i Det Norske Videnskaps-Akademi, språkkonsulent ved Det norske Teatret, leiar av rådet i Andvake, leiar av målpolitisk styre i Vestlandsbanken og Fokus bank, for å nemne nokre verv. I Det Norske Samlaget var han styreformann 1972 – 81, og hadde ansvaret for å lose forlaget gjennom ei naudsynt omorganisering.

Frå 1977 var han også styreleiar i det nyoppretta selskapet Stiftinga det Norske Samlaget. Kontakten hans med departementet i ei tid då professortittelen nok var høgare verdsett enn den er no, hadde mykje å seie. Den innsikta han fekk i slike samanhengar, delte han gjerne med dei som arbeidde i forlaget. Og interessa hans for Samlaget var levande også etter at han var ute av alle formelle posisjonar. Hans distinkte nynorske talemål var å høyre i innlegg på årsmøte og andre samlingar heilt til det siste. Vi lyser fred over Leif Mæhles minne.

Kari Bjørke, styreleiar i Det Norske Samlaget