HELG FOTTLAND

30. april kom meldinga om at Helg var død – mi gode venninne og min nære kollega og forskingspartnar gjennom mange år.

Vegane våre møttest då vi begge to begynte å arbeide ved lærarutdanning i 1990. Helg var ein høgt skatta lærar. Ho greidde å kombinere erfaringane sine frå mange år i skulen med relevant teori og gjorde det til spennande undervisning. Ho inspirerte studentane og vart eit førebilde for mange. Ein av studentane frå den første klassen vår sa då eg møtte henne for kort tid sidan: «Helg har vore den viktigaste rollemodellen for meg. Ho har vore med meg i alle val eg har tatt. Det er henne å takke for at eg er der eg er i dag.»

Lærarutdanning var viktig for Helg, og ho ville gjerne bidra til å gjere den så god som mogeleg. Eitt døme på det er bokprosjektet hennar om «tilpassing og tilhørighet i en skole for alle». Ho fekk lærarutdannarar frå dei fleste fag i skulen til å skrive om korleis ein kunne ivareta undervisning tilpassa den enkelte eleven. Resultatet vart ein bevisstgjerande arbeidsprosess i kollegiet og ei flott bok, som framleis blir brukt.

Helg og eg opplevde at vi trivdest godt i lag med fagleg arbeid. Vi var nysgjerrige på mykje av det same, om enn med ulike inngangar. Helg med si gode forståing av læring, motivasjon, barns sjølvforståing og identitet – og ikkje minst av livet i klasserommet. Eg med mi innsikt i språk, samtalar og meiningsskaping. Vi kopla våre to faglege ståplassar saman, og det utløyste omfattande forskingsmidlar. Vi vart postdoc-kandidatar på eige prosjekt og fekk godt rom til å forske i fleire år. Det første prosjektet vårt hadde tittelen «Den utforskande eleven og samtalen. Samtalen som eit reiskap for læring og personelg vekst», det andre «Talk, text and thinking together». Helg var drivande i dette arbeidet – idérik og med ei stå-på-kraft utan sidestykke. Ho var nysgjerrig og spørjande. Vi samla data i skulen, analyserte, presenterte og skreiv. Vi trigga kvarandre, vi fekk det til – og det var moro. Det var gjort lite forsking i den faglege krysninga som vi drog opp. Det vi kom med vart verdsett – langt utover vår nære krets. Vi opplevde at vi bevega oss i forskingsfronten, til vår overrasking.

Den felles forskinga vår førte oss ut i verda, til forskaropphald ved universitetet i Birmingham og til konferansar og skriveopphald: Barcelona, Amsterdam, Exeter, Linköping – og ikkje minst til Helg og Inges hus i Torrox. Eg har mange gode minne frå debriefingar på hyggelege kafear etter intense konferansedagar. Kva nytt/nyttig hadde vi fanga opp? Kva kunne vi ta med oss vidare? Vi var gode til å kombinere arbeid med hygge! I desse samtalane viste Helg ei beundringsverdig evne til å sjå muligheiter og omsetje ny innsikt til forskingsidear. Ho hadde den nysgjerrigheita og den kreative evna som er så viktig i forsking. Eg kjenner meg heldig som fekk del i dette.

Vi fekk gjort mykje, men helsa gjorde etter kvart at Helg måtte ha sine pausar. Det var vanskeleg for henne å forsone seg med at ho ikkje kunne ha fullt trykk på det ho brann for – og hadde så lyst til. Og ikkje minst var så dyktig til! Det var eit stort sakn frå mi side at vi ikkje kunne fortsetje på same vis – og ei sorg hos Helg. Ho hadde så mykje å bidra med, så mykje å gi.

Gjennom alle arbeidserfaringane vart vi også nære venninner. Vi delte mange tankar og opplevingar, i eit vennskap prega av gjensidigheit og respekt. Eg sette stor pris på Helgs tillit og openheit – heile tida kopla saman med varme, empati og omsorg. Vår relasjon utvikla seg også til eit familievennskap. Dei mange fine opplevingane vi hadde saman vil eg bere med meg resten av livet.

Eg takkar for eit sterkt vennskap og eit spesielt fagleg fellesskap – og lyser fred over minnet til Helg.

Synnøve Matre