10. juli kom den triste meldinga om at vår gode kollega Rutt var død, 74 år gammal, etter eit langt sjukeleie.

Rutt var ein svært respektert fagperson i lærarutdanninga ved Hist. Ho har sett varige spor og vil bli hugsa som ein fagleg kapasitet – lokalt, nasjonalt og i nordisk samanheng.

Det ho særleg brann for, var arbeidet med dei yngste barna og deira møte med skriftspråket. Ho tok dei små skrivarane og lesarane på alvor og la stor vekt på å leggje til rette for at dei skulle få skape meining gjennom språket – det var viktigare enn å forme fine og korrekte bokstavar. Med utgangspunkt i denne tenkinga utvikla ho ei tilnærming til førsteopplæringa som har fått namnet tekstskaping, som inneber at barna frå første skuledag får lage eigne tekstar – med vaksne som sekretærar og samtalepartnarar. Mange lærarar har erfart at dette er ein framifrå måte for barn å ta seg inn i skriftspråket på.

Rutt var idérik i alt sitt faglege arbeid. Ho søkte stadig nye vegar og utfordra etablerte konvensjonar. Eit døme er måten ho kopla språkhistorisk kunnskap om runer til barns tidlege skriftspråkutvikling i ein tankevekkjande artikkel om temaet, der nye perspektiv vart opna opp.

I lærarutdanninga var Rutt på rett plass! Ho levde og ånda for arbeidet med å utdanne dyktige lærarar. Ho orienterte seg vidt og grundig, noko det overfylte kontoret hennar vitna om. Vi var stadig redde for at papirbunkane skulle rase. Alle veskene og plastposane med bøker og elevtekstar som var med når ho underviste, var også eit uttrykk for engasjementet hennar. Ho hadde så mykje på hjartet.

Mange studentar har hatt stor glede av Rutts engasjerte undervisning – av hennar glød. Både forelesingane og dei mange velformulerte artiklane hennar vart viktig bagasje for dei. Ho blir også hugsa for omsorga som ho viste studentar; ho brydde seg langt utover det faglege. I tillegg var ho ein ettertrakta kurshaldar. Det var mange som ville ta del i kunnskapen hennar. Ho hadde eit brennande ønske om å heve kvaliteten på opplæringa for dei yngste barna og skape større respekt for dette fagfeltet. Rutt har ei høg stjerne hos lærarar kringom i heile landet.

Rutt var sterkt engasjert i å ta vare på og bruke det nynorske skriftspråket, av å hegne om den nynorske kulturen og verdsetje språkleg og kulturelt mangfald. Ho var tydeleg i meiningane sine her også og bidrog aktivt i Språkrådet og i Mållaget. Rutt var ikkje litt for noko som helst. Ho gjekk fullt og heilt inn for alt ho syntes var viktig.

Det svinga alltid rundt Rutt. Det var aldri kjedeleg med henne i nærleiken. Alltid mykje latter og liv. Vi som var heldige og fekk vere nære kollegaer med Rutt, lærte mykje av henne. Norskseksjonen har svært mykje å takke henne for. Rutt vil bli hugsa for det ho var: raus, ekte, tydeleg, og ikkje minst engasjert – aldri likegyldig.

Norskseksjonen ved lærar- og tolkeutdanninga ved HiST

v/ Synnøve Matre og Randi Solheim