10. oktober 1814 abdiserte Kristian Fredrik. Den kongemakta han med eid og under jubel hadde teke imot i mai, ga han som ein nedbroten og tilsidesett mann tilbake til Stortinget.

Heidra: Dagens kronikkforfattar meiner det er liten tvil om at Kristian Fredrik sette sterkt preg på lagnaden til Noreg (som nasjon) i 1814 og har ein viktig plass i historien vår. Biletet viser kunstnar Kristian Blystad og statsminister Erna Solberg etter avdukinga av Kristian Fredrik-monumentet på Eidsvolls plass ved Stortinget. Foto: Åserud, Lise, NTB Scanpix

Abdikasjonar er ikkje ukjente. Nokre kjem brått og uventa, andre er førebudde og venta. Den abdikasjonen som formelt skjedde 10. oktober 1814, hadde reelt skjedd alt i august. Men heilt sidan han tok leiinga i opposisjonen mot Kielfreden visste Kristian Fredrik at det betydde kamp mot sterke krefter. Når han let seg velja til norsk konge, visste han at han utfordra ikkje berre Sverige, men også dei andre stormaktene som hadde sigra mot Napoleon. Berre i stor optimisme kunne ein vona at desse maktene ville lata seg påverka til å bryta lovnader til Karl Johan. Grunnlovsvedtak og kongevalg vart gjort før det militære oppgjeret med Napoleon var over. Men så kom den store prøven. Etter at Karl Johan den 28. mai var tilbake i Sverige med hæren og med klåre garantiar frå stormaktene om at Noreg skulle leggjast under svensk kontroll, vart det prøvt tingingar. Dei gjorde det heilt klårt at ein dansk arveprins som konge i Noreg og ei sjøllaga grunnlov ikkje kunne tolast. I desse tingingane førte Kristian Fredrik ei linje som førte til krig, men han var likevel viljug til våpenkvile og nye tingingar før riksrådane og generalane hans var innstilte på dette.

Det er vanskeleg å tidfesta når Kristian Fredrik tok til å rekna med at abdikasjon var uunngåeleg. I tingingane utover i juli hevda han at han var bunden av heilag lovnad og eid til det norske folk. Medan svenskane og stormaktsrepresentantane la Kiel-freden til grunn for tingingane, la Kristian Fredrik resultatet av stortingsforhandlingane til grunn. Han måtte halda sine lovnader, og kunne berre trekkja seg ved at eit nytt Storting kom saman og løyste han frå eiden. Dermed kom krigen sist i juli.

Men når så tinging om våpenkvile etter ei kort og spesiell krigføring kom i stand frå 7. august, hadde det skjedd ei endring. Ho gav grunnlag for Mossekonvensjonen 14.august. No var Kiel-freden komen i bakgrunnen, og det norske Stortinget var akseptert som eit viktig organ. Men aksepten skjedde på kostnad av Kristian Fredriks kongedømme. Kristian Fredrik, som svenskane omtala ikkje som konge men berre som prins, lova å innkalla Stortinget. Så skulle han tre til side. Stortinget skulle arbeida med å justera grunnlova etter avtale med svenskekongen slik at han kunne veljast også til norsk konge. Det skulle likevel ikkje krevjast andre endringar enn det som måtte til for at dei to landa kunne leva i union. Den norske grunnlova hadde dermed fått sjansar til å overleva. Lagnaden til Kristian Fredrik var ikkje omtala i sjølve konvensjonen, derimot både i ein tilleggsartikkel, i ein separat og hemmeleg artikkel , og endeleg i ei spesiell utsegn retta til svenskekongen. Grunnlova vart berga, Kristian Fredrik ofra sitt kongedømme.

Å innkalla eit Storting skulle vera hans siste kongehandling, og tinget skulle samlast seinast 8. oktober. Men Kristian Fredrik skulle straks, «under et eller andet Paaskud», overdra den utøvande makta til statsrådet. Dermed skulle han alt frå 14. august vera heilt sett til side, sjølv om han formelt enno bar kongenamn. Ingen abdikasjon var mogeleg før Stortinget var samla.

Korleis skjedde så denne spesielle norske abdikasjonen?

Det ekstraordinære Stortinget i 1814 kom saman i Kristiania 7. oktober og hadde visse startvanskar. Det vart først nedsett ein fullmaktskomite, og ved gjennomgangen av fullmaktene fekk to representantar for Halden og Fredrikstad ikkje godkjenning sidan dei hadde avlagt eid til svenske styresmakter. Dernest vende Stortinget seg i samsvar med § 74 i grunnlova til kongen og melde at Stortinget hadde konstituert seg, høgtideleg opning kunne skje. Kristian Fredrik melde tilbake at på grunn av sin helsetilstand kunne han ikkje møta i Stortinget, men ville ta imot ein deputasjon for å høyra hans tale til Tinget. I staden for å velja ein slik deputasjon, valde Stortinget å be statsrådet medverka til at Stortinget straks vart konstitusjonsmessig åpna. Det skjedde ved at heile statsrådet møtte opp, og ein av statsrådane las opp kongens tale. Kristian Fredrik kom dermed ikkje i rampelyset. I denne første norske trontalen gjorde kongen m.a. greie for at han hadde lova å leggja ned kongemakta si i Stortingets hender.

Dermed kunne den endelege abdikasjonen skje. Stortinget valde ein deputasjon som måndag 10. oktober under leiing av professor Treschow drog til Kristian Fredrik på Bygdøy. Dei skildringane som er gjevne av det som skjedde, tyder på at det vart ein tårevåt affære. Både Treschow og Kristian Fredrik måtte få hjelp med å framføra talane sine, men abdikasjonen vart framført og motteken.

Anna takk for sin innsats som norsk konge fekk aldri Kristian Fredrik. Debatten om hans person og rolle kom til å nå store høgder og har halde fram til denne dag. Sterke ord er blitt nytta, han er kalla både frelsar og svikar. I jubileumsåret er det noko større tendens til å framheva positive sider ved hans virke enn det som ofte har vore tilfelle. Han prøvde nok å tena eigne interesser, og han var ikkje åleine om å berga grunnlova, men at han sette sterkt preg på Noregs lagnad i 1814 og har ein viktig plass i vår historie, kan ingen dra i tvil.

I underkant av fem månader hadde Kristian Fredrik hatt kongsnamn. Avslutninga var kjenslefylt. Om kvelden den 10.oktober forlet han Bygdøy, og skildra det slik i dagboka: «Det var svært mørkt hin kveld, og vi gikk ned til stranden med fakkellys; det var et sørgetog, egnet til at få et hjerte av stål til at bløde.»