Sound of Music har premiere på Trøndelag Teater i dag. Familien von Trapp, hovudpersonane i så vel musikalen som filmen, var verkelege. Dette er historia deira.

Stor suksess: Filmen med Julie Andrews i hovudrolla kom i 1965, og vart ein av dei største suksessane i filmhistoria. Fra venstre Chairmian Carr som Liesl, Heather Menzies som Louisa, Julie Andrews som Maria og Nicholas Hammond as Friedrich. Foto: Ap

Det finst eit fotografi frå eit bryllup i Salzburg i Østerrike 26. november 1927. Brura ber kvit brudekjole med langt slør som blir halde oppe av stivpynta småjenter. Brudgommen har gallauniform med dekorasjonar på brystet. Brura, Maria Augusta Kutschera, var 22 år, og hadde nyleg valt å gå inn i ekteskap i staden for å bli nonne. Brudgommen, Georg Ludwig von Trapp, var 25 år eldre enn henne og enkemann, og jentene var døtrene hans.

Familien von Trapp er verkeleg, og det er deira historie som ligg til grunn for musikalen og filmen Sound of Music. For å lage ei meir spennande, engasjerande fiksjonsforteljing er delar av historia stramma inn og dramatisert, men i grove drag er den historiske ramma rett. Vi kan kort sagt godt bruke familien von Trapp som eit prisme for å prøve å forstå den innfløkte historia til Sentral-Europa i første halvdel av det 20. hundreåret betre.

Første spørsmålet som melder seg, er kvar dekorasjonane på gallauniformen til Georg von Trapp stammar frå. I teksten i musikalen blir han ein stad presentert som u-båtkaptein, men det høyrest merkeleg ut: Østerrike er eit lite alpeland, så kvar kunne dei ha u-båtar? På Donau?

Nei, sjølvsagt ikkje. Østerrike var fram til etter første verdskrigen ein heilt annan type stat enn seinare. Østerrike-Ungarn var ei av stormaktene i Europa med ei mengd ulike nasjonalitetar, språk og kulturar, og femna over dagens Østerrike, Ungarn, Tsjekkia, Slovakia, Slovenia, Kroatia og Bosnia, i tillegg til delar av Polen, Ukraina, Romania, Serbia, Montenegro og Italia. Østerrike-Ungarn hadde såleis ein lang kyst mot Middelhavet og ein stor marine, med Trieste i dagens Italia og Pula i Kroatia som hovudbasar.

Georg von Trapp var fødd inn i ein familie av marienoffiserar i byen som no heiter Zadar og er ein del av Kroatia. Fram til napoleonskrigane hadde byen vore venetiansk, og ein stor del av innbyggarane var italienarar. Von Trapp var u-båtkaptein frå 1910, og båtar som han hadde kommandoen over, senka under krigen 11 sivile skip og to krigsskip. Han var ein dyktig offiser i dødens teneste, og vart utnemnd til ridder for fortenestene sine.

I 1911, tre år før krigen, gifta han seg med Agathe Whitehead, dotter til eigaren av marineverftet i Trieste, det noverande Rieka i Kroatia. Gjennom giftemålet vart von Trapp velståande. Bestefar hennar, George Whitehead, blir rekna som oppfinnaren av torpedoen, og dei fleste senkingane som von Trapp utførte under krigen, var nok gjort med torpedoar frå svigerfaren sin fabrikk. Da landområda ved Middelhavet gjekk tapt for Østerrike-Ungarn etter krigen, flytta familien til rest-Østerrike. Der døydde Agathe i 1922, og det var som guvernante for dei yngste borna Maria Kutschera kom til familien.

I Sound of Music er det kort tid mellom bryllupet mellom Maria og Georg fram til Anschluss, da Hitler innlemma Østerrike i stor-Tyskland. I røynda gjekk det 11 år. Familien tapte store delar av formuen sin under verdskrisa, og begynte å opptre som den syngande familien von Trapp for å spe på inntektene. Etter Anschluss fekk Georg von Trapp tilbod om ein kommando i det tyske u-båtvåpenet, men takka nei til det, og valde i staden å reise frå landet med familien. Det skjedde likevel ikkje som ei dramatisk flukt over Alpane med nazistisk politi i hælane. I røynda tok dei tog frå Østerrike til Italia. I eit halvår frå hausten 1938 heldt dei konsertar i USA, før dei drog tilbake til Europa. På seinsommaren turnerte dei i Skandinavia, men etter at krigen braut ut i september, valde dei å reise tilbake til USA, der Maria og borna søkte statsborgarskap i 1944.

Som ei forteljing om demokratisk sinnelag, moralsk ansvar og modig opposisjon mot diktaturet, fungerer fiksjonsversjonen av historia godt. Ikkje minst passa denne forteljinga godt inn i dei tidlege etterkrigsåra, da ho vart skapt. Dei faktiske motiva for at familien heldt nazismen på avstand, var likevel meir samansette. Eit viktig moment ser ut til å vere at dei såg nazismen som ugudeleg. Samstundes er det grunn til å tru at ein mann som von Trapp med sin bakgrunn hadde ein sterk identitet knytt til det aristokratiske, fleirkulturelle Østerrike som hadde gått tapt i 1918. Mot eit slikt ideal måtte eit nazistisk rasereint Stor- Tyskland med sine vulgære masseopptrinn framstå som en uting, og det er all grunn til å tru at von Trapp ville ha stemt nei til tilslutning til Tyskland dersom den planlagte folkerøystinga den 13. mars 1938 hadde funne stad. Den ville ikkje Hitler ta sjansen på, så to dagar før lét han tyske soldatar gå over grensa, til stor jubel frå dei tyskvenlege delane av folket.

Georg von Trapp døydde i 1947. Få år etter etter skreiv Maria ei bok med sin versjon av familiehistoria. Den vart lagt til grunn for ein populær tysk spelefilm i 1956. Denne filmen inspirerte i sin tur scenemusikalen Sound of Music tre år seinare. Filmen med Julie Andrews i hovudrolla kom i 1965, og vart ein av dei største suksessane i filmhistoria. Med eit par avvik er det likevel musikalversjonen vi skal få sjå på Trøndelag Teater frå og med i dag.