Eivind Hasle Foto: Privat

Dei rusfrie arenaene er i stor fare. Trass i at alle som er opptatt av folkehelse og kulturtilbod mellom anna til barn og unge, understrekar kor viktig det er å verne om dei rusfrie arenaene, opplever vi at politikarar og næringsinteresser synest å ha som mål at alkohol høyrer med overalt og alle stader.

I Trondheim gjeld debatten for tida skianlegget i Granåsen – og no nyleg også kinoen i byen, der kinogjengarane skal få tilbod om «en ny måte å oppleve kino på», ifølgje Adressa 19. januar.

Meiner verkeleg politikarane at alkoholen er noko som gir eit nødvendig pluss til kino-opplevingane?