Eg er så heldig som får vere midlertidig trønder i studieåra mine. I en by der naturen er en viktig del av nærmiljøet. Eg kan bu tett på campus og kulturliv i byen, og stadig gå ein kveldstur i grønne omgivingar, stå på ski i marka og rusle ned til ein badeplass med reint vatn.

Trondheim hadde ikkje vore like god å leve i utan naturen.

Friluftsliv og grønne områder nær folk er godt for folkehelsa. Den bynære naturen gir også betra luftkvalitet og kan beskytte mot flom, som kjem godt med i ei verd med aukande grad av dårleg luft og ekstremvær. Naturen har også ei egenverdi. Biomangfald og grønne areal må bevarast.

Samstundes er det ein by i vekst med aukande innbyggertall, og det er mange som ønsker å bygge ut i det me i dag kjenner som grønne områder. Dette meiner eg er feil veg å gå for Trondheim i framtida.

Naturen i Trondheim er ikkje berre fin å gå tur i, han er også sårbar. Vi kan ikkje forvente at skog, myr, mark og dyreliv klarer seg, når vi stadig skrumper områda deira, og gjer stor inngrep i økosystemet som veg-, industri- og hytteutbygging.

Lade er døme på eit bynært grønt område som er hyppig brukt til tur og fritidsaktivitet, som dessverre blir truga av ønsker om utbygging. Også områder med vill natur der vern faktisk er med på å bevare artsmangfald, står i fare for å få endra arealstatus. Frigården og Laksedalen til dømes har eit verdifullt biomangfall. Ønsker om utbygging i desse områda er noko dei som vert folkevalgte ved haustens val må ta stilling til.

Alle dei større partia i Trondheim har med tiltak for å stoppe klimautslepp i partiprogramma.

Men me står ikkje berre i ei klimakrise, men også i ei naturkrise. Klimaendringar er og kjem til å bli ei stor årsak til tap av biologisk mangfald. Ei satsing på tiltak for å stoppe dette er viktig, men om dette ikkje blir gjort med omhu kan vi risikere å miste natur me aldri får tilbake. Akkurat no er den største faren for naturen arealendringar.

Naturen er ikkje noko vil kan få tilbake om vi angrar. Bevaring og restaurering av biomangfald er ei mykje meir krevande enn å verne i dag. Kanskje er det umulig. Eg unner alle framtidige trøndarar å kunne nyte naturen som eg nyt i dag. Ved haustens lokalvalg går mi stemme til partia som tørr å tenke nytt i byutvikling, tørr å støtte naturvern og tørr å seie nei til utbygging.

VALG 2023: Kampen om Trondheim! Debatt på Byscenen 7. september!