Villreinen kan gjeva oss nyttige perspektiv. Arten peiker ut nokre av dei største menneskeskapte problema i tida vår.

Villreinen dannar bakteppe for handlinga i romanen min, Høgfjellsmeldinga. Undervegs i skriveprosessen gjekk det opp for meg at mange har mindre kunnskap om villreinen enn eg trudde.

Kvifor er arten så viktig for oss? Om det ikkje hadde vore for villreinen, er det lite sannsynleg at eg hadde vore til og kanskje hadde heller ikkje du som les dette vore til. Da istida tok slutt, følgde vi etter villreinen. Reinen var ein stor del av kosthaldet, livsgrunnlaget og kulturen til forfedrene våre. Villreinen har gjeve oss livet.

Villreinen er sky og redd for menneske, for dei veit at vi er farlege. Villreinen har eit mykje sterkare sanseapparat enn oss, dei kan både lukte og sjå ting som vi ikkje kan! Når vi går tur i fjellet, set vi att usynlege luktspor, som det tek tid før blir viska ut. Det er lite som skal til før eit villreintrekk blir forstyrra.

Fordi 90 prosent av all vill fjellrein bur i landet vårt, har vi eit internasjonalt ansvar for arten. Men i 2021 hamna villreinen på Artsdatabanken si raudliste. Både i Snøhetta, Knutshø og Rondane har reinen fått raudt ljos i det som blir kalla kvalitetsnormen. Mange arbeider nå intenst for å få på plass tiltak. Statsforvaltaren lanserte nyleg ei rekkje forslag. Til neste år skal det koma ei stortingsmelding om villreinen.

Guri Sørumgård Botheim. forfattar Foto: Benedikte Skarvik

Den vanskelege situasjonen til villreinen heng saman med korleis vi strukturerer samfunnet vårt. For å skaffe seg nok mat, treng reinen å bevege seg fritt over store areal. Etter kvart som vi har bygd ned meir og meir av naturen, med kraftindustri, vegar, idrettsanlegg, hus og hytter, så innskrenkar og stykkar vi opp leveområda til reinen, det gjeld både villreinen og tamreinen. For 100 år sidan var halvparten av landet vårt villmark. I dag har vi berre att 11,5 %.

Eg synest det er utruleg irriterande når villreinen blir sett opp som ein slags motpol mot samfunnsøkonomi – det same gjeld for tamreinen. Kva slags perspektiv er nå eigentleg det? Jo, eit forferdeleg kortsiktig perspektiv. Fordi vi i dag tener pengar på kraftutbygging og industri, hyttebygging og turisme, så er det liksom greitt å innskrenke leveområda til reinen? Men i eit lengre perspektiv da? Skal vi ofre reinen? Kva får vi att for det? Ikkje mat i alle fall. Og ikkje lykke, trur eg.

Kva er verdiane våre? Er det firefelts motorvegar, oljepengar og vindmøller vi vil at etterkommarane våre skal arve frå oss? Eg dagdrøymer heller om at tipp-tipp-tippoldebarna mine skal kunne gå seg ein tur i urørt fjellnatur og få auga på ein sprek reinflokk.

Det er vanskeleg å oppdaga endringar i naturen fordi dei gjerne skjer så gradvis at vi ikkje ser dei. Det same gjeld arealbruken vår.        Det er lett for oss å samanlikne arealsituasjonen i dag, med situasjonen for eit år sidan. I heimbygda mi, Lesja, er ikkje endringane så store, det er bygd nokre nye hus og ei ny bru. Men om vi samanliknar med situasjonen for 150 år sidan, så er endringane mykje større. Særleg i bynære område er enormt mykje natur gått tapt. Områda rundt Trondheim er radikalt endra. Men fordi vi ikkje klarer å sjå det med våre eigne augo, er vi som blinde for endringane.

Vi trur at det vi driv på med er framsteg og utvikling – vi er heilt innsausa i den retorikken – men i realiteten bidreg vi til småe og store arealendringar. Vi høvlar bort naturen og byggjer vegar og hus. Det er lett å kjenne seg makteslaus i møte med utbyggingskreftene, for vi er jo i stor grad fanga av samfunnet vårt – både i infrastrukturen og i verdiane. Korleis i all verda kan vi kritisere velstandsutviklinga, velferdsstaten eller den nye, trygge motorvegen?

For to-tre generasjonar sidan kunne alle som budde i bygde-Norge å dyrke, hauste og konservere maten sin. Eg trur ettertida vil dømme oss hardt for måten vi på få generasjonar har rasert enorme naturområde og sloppe kunnskapen om skånsam hausting og konservering av mat rett ut av hendene våre.

Det er på tide at vi set ned foten og opponerer mot både store og småe arealendringar. Miljøorganisasjonen SABIMA har laga Naturkampen – ei rangering av kor godt eller dårleg kommunane tek vare på naturareala sine år for år. Rangeringa ligg på nett, så her kan alle gå inn og sjekke kommunen sin.

Vi må håpe at den komande stortingsmeldinga om villrein tør å stille spørsmål ved samfunnsutvikling og arealendringar, og at det blir lansert tiltak som monnar. Naturen er meir verdt kvadratmeter for kvadratmeter enn det vi kan utvinne ved å forbruke han. Å ta vare på villreinen handlar om respekt for naturen og livet.

Kor mykje det vil koste å ta vare på villreinen, er eigentleg irrelevant. Det vil uansett koste meir å miste han.

Hva mener du? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no eller delta i debatten i kommentarfeltet nederst – og husk fullt navn!