På veg til Bergen sentrum frå IKEA blei stortingsrepresentanten stoppa av politiet. Passasjeren hans sat og heldt fast delar av lasta med hendene, ifølgje politiet.

– Det er på ingen måte forsvarleg. Vi stoppa bilen i Sandviken og tok frå han førarkortet, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Lars Geitle.

Politiet har oppretta sak, og på grunn av den dårleg sikra Ikea-lasta får ikkje Skutle køyre bil lenger.

– Dersom bilen må bremse og lasta flyg framover, kan det føre til store skader. Sjølvsagt er det for dårleg sikring at nokon sit og held på den, seier Geitle.

– Det såg nok litt Donald Duck ut

Erik Skutle har ein heilt annan versjon av hendinga enn politiet.

– Vi blei stoppa av ein politipatrulje som meinte lasta vår var litt dårleg sikra. Det er heilt greitt, og vi gjekk ut av bilen og sikra lasta på nytt før vi køyrde vidare.

Han avviser at passasjeren heldt fast lasta med hendene på taket.

– Nei, lasta var sikra med to stropper. Passasjeren tok handa ut av vinduet etter at vi hadde køyrt ein stund, for å sjekke at ingenting hadde forskyve seg. Eg trur vi blei stoppa fordi eg har ein liten og søt elbil, slik at pakkane på taket såg store ut samanlikna med bilen. Det såg nok litt Donald Duck ut, fortel Skutle.

Han vedgår likevel at dei to var i tvil før dei la ut på vegen.

– Ja, det var eit tvilstilfelle. Men vi kom fram til at lasta låg trygt, og valde derfor å køyre.

Politikaren vil ikkje kommentere det faktum at politiet har inndratt førarkortet hans.

– Nei. Det er ikkje avgjort endå, seier Skutle.

I løp av nokre veker vil det bli avgjort om Skutle mistar lappen over lenger tid.

– Det kunne flydd Ikea-gjenstandar

Bergens Tidende har snakka med mannen som tipsa politiet om den ulovlege lasta. Han følgde etter bilen til den blei stoppa like før Fløyfjellstunnelen.

– Eg reagerte sterkt på at dei køyrde med lasta slik på vegane. Hadde bilen bråbremsa, ville det flydd Ikea-gjenstandar i alle retningar.

Han tvilte ikkje eit sekund på at han skulle ringe politiet når han såg bilen kome køyrande.

– Dei tok det alvorleg med ein gong, seier han.