Røystinga i Catalonia får ikkje noko umiddelbart resultat, sidan sentralregjeringa i Madrid aldri var inne på tanken å godkjenne verken prosessen eller utfallet. På same måte som i Skottland, kan det likevel sjå ut som om tida arbeider for dei som vil ha lausriving, skriv artikkelforfatteren. På bildet we Spanias statsminister Mariano Rajoy. Foto: ANDREA COMAS, Reuters

Flagga er eit allmennt uttrykk for katalansk nasjonalisme, men dei fekk ei særskilt tyding i samband med den uformelle folkerøystinga for litt over to veker sidan om kor vidt Catalonia skulle blir ein sjølvstendig stat.

Fleirtalet for sjølvstende var overveldande mellom dei som røysta, men det var fleire som sat heime enn dei som deltok , og vi veit for lite om heimesittarane. Det er ikkje urimeleg å tru at mange meiner Catalonia har fått tilstrekkeleg indre sjølvstyre som det er, og ikkje treng å lausrive seg heilt frå Spania. Her er ein klar parallell til folkerøystinga i Skottland i september, der lovnadene om auka indre sjølvstyre fekk mange til å stemme nei til full lausriving.

Røystinga i Catalonia får ikkje noko umiddelbart resultat, sidan sentralregjeringa i Madrid aldri var inne på tanken å godkjenne verken prosessen eller utfallet. På same måte som i Skottland, kan det likevel sjå ut som om tida arbeider for dei som vil ha lausriving, og det er mange parallellar i argumentasjonen.

Ein viktig parallell er at nasjonalistar i så vel Catalonia som Skottland har bruka historia for alt ho er verd i agitasjonen sin. For nordmenn som har sett korleis historia om norsk middelalder vart brukt for å bygge norsk identitet i tida fram mot 1905, er dette kjende tonar.

Historisk er det fleire likskapar mellom landa. I alle tre starta avviklinga av sjølvstendet med ein personalunion med sterkare naboland, og det enda med at alle særnasjonale institusjonar vart fjerna. I Norge skjedde det i 1537, da erkebispedømmet vart avvikla. I Skottland vedtok parlamentet i 1707 relativt frivillig å gå inn i ein union med England. I Catalonia var 1714 det avgjerande året. Da spanske troppar storma Barcelona den hausten, var det klimaks på ein årelang konflikt etter at katalanarane hadde satsa på feil kongsemne under den spanske arvefølgjekrigen og allierte seg med Austerrike og England mot Frankrike og sentralmakta i Madrid.  Trehundreårsminnet har vorte markert med fleire bokutgjevingar i år, det vart også brukt aktivt i valkampen: Madrid er ein fiende av katalanske interesser, i dag som for tre hundre år sidan.

Historia har i det heile vore ein aktiv reiskap i bygginga av ein særeigen katalansk identitet utanfor den spanske. Tenkemåten gjennomsyrar ikkje minst utstillingane i det store museet for katalansk historie som vart opna i eit tidlegare havnelager i Barcelona i 1996. Her er ei grundig, profesjonelt oppbygd framstilling av den historiske utviklinga i Catalonia frå dei første menneska i regionen fram til i dag. Breidda i forteljinga er stor. Her er ikkje berre politisk historie, den økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga har også fått brei plass.

Men perspektivet i framstillinga er eintydig: «Vi» i utstillinga er katalanarane; alt utanom er «dei andre», anten det er andre delar av Spania eller fjernare område. Sosiale motsetningar er underordna det som bind nasjonen saman, og det er lagt stor vekt på å vise korleis dagens Catalonia har lange røter tilbake til tida rundt rundt år 1000, da ideen om Catalonia oppstod med framveksten av ei rekkje kjennetegn på ein historisk identitet, som landenamnet, språket, institusjonane og symbola, som direktøren for museet uttrykker det i ein presentasjon av utstillingane. Jamvel da Catalonia vart ein nasjon utan stat etter 1714, var det tilstrekkeleg mange element som batt saman til at dei stod imot det han kallar spansk einsrettingspolitikk.

Dette er den overordna forteljinga som museet byd fram. Kvar for seg er dei einskilde delane i utstillingane fullt fagleg forsvarlege. Den politiserte bodskapen ligg i redigeringa. Som påverking er dette langt meir sublimt enn løgnpropaganda, men ikkje mindre effektivt.