«Våre krapyl på 3 og 1 er altså ikkje forsikra på noko vis. Kanskje er det fordi eg er gniten. Kanskje er eg ein kynisk far som heller brukar pengar på langrennsski og storbyturar i staden for å kjøpa ei barneforsikring.

For å vera heilt ærleg, hadde det ikkje så mykje som falle meg inn at det var turvande å forsikra borna, langt mindre at det skulle vera rekna som uakseptabelt å lata vera - før eg var i ei festleg samkome i fjor. Av sju mannlege festdeltakarar, alle var fedrar, var eg den einaste som ikkje hadde forsikra borna mine. Det var eit sjokk både for dei og meg. For dei tydelegvis fordi dei ikkje kunne førestella seg at nokon ikkje ville borna sine så godt at ein sikra seg sjølv økonomisk dersom uhellet skulle vera ute. Meg fordi tanken på ei slik forsikring var så fjern, så fjern. Eg argumenterte sjølvsagt mot forsikringa, vel å merka utan å ha reflektert særleg over temaet før den kvelden. Eg vart, som så ofte elles, sitjande åleine mot røkla.

Sidan har eg i det minste teke meg tid til å setja meg litt inn i emnet for å vita kva eg har gått glipp av.

Ein draumemarknad

Konklusjonen er at det er ikkje stort. Og at barneforsikring truleg er nok eit av dei talrike døma på symptom på at Noreg fløymer over av pengar. Det gjeld ikkje alle, sjølvsagt, men svært mange: har du råd, er det makelaust kva du kan få deg til å bruka pengar på.

Ikkje at det å forsikra borna er det mest luksuriøse i samfunnet, men likevel. Eg har ein ibuande og - trur eg - fornuftig skepsis til forsikringsbransjen og dei fleste andre bransjar som gjer seg feite på frykta for død og liding.

Når dei private lommebøkene flyt over av pengar, og ein parallelt har utvikla ein kultur for å frelsa oss frå alt det vonde som kan oppstå, har forsikringsfolk naturlegvis ein draumemarknad.

Om dei medvite spelar på folks dårlege samvit for å mjølka dei for pengar, veit eg sjølvsagt ikkje, men eg mistenkjer det. Den mistanken er nok til at eg av reint prinsipp ikkje vil bidra.

Prinsipp er ein ting, behov noko anna. Treng me barneforsikringar? Vel - det er ikkje enkelt å svara på det. Dersom borna mine skadar seg eller døyr, trur eg det verste for meg vil vera sjølve hendinga, ikkje det at eg kan få større eller mindre økonomiske utfordringar. Kanskje er det naivt, men eg stolar på at både det offentlege, slekt og vener stiller opp såpass at livet ikkje går under sjølv om uhellet skulle vera ute. Det er eventuelt det at borna mine overlever eit uhell, ikkje det at me får ei månadleg utbetaling, som vil gjera meg glad i ein slik situasjon.

Dei må læra å føta seg i livet

Kven tenkte på å forsikra meg på 1980-talet? Ikkje ei sjel - og eg gjekk verkeleg på sjølvstyr ein heil barndom. Sjølvsagt kunne det ha gått gale - alt frå leik med fyrstikker til hammarslag i hovudet var ein del av kvardagen i heimbygda mi - men det gjekk bra med oss alle som voks opp der. I dag har eg ikkje inntrykk av at borna går stort på sjølvstyr lenger, og mange er så redde for dei at dei at dei knapt får prøva noko som helst lenger. Eg trur ikkje det er eit gode, sjølv om talet på skadde born kanskje er lågare i dag enn for nokre tiår sidan. Det veit eg ingenting om. Men born har godt av å læra seg å passa seg SJØLVE, ikkje alltid å bli påpassa og innpakka i hjelmar og verneutstyr same kva dei skal. Dei må læra å føta seg i livet.

Var den private velstanden større då eg voks opp enn i dag? Definitivt ikkje. Den gongen tenkte få eller ingen på barneforsikring. Kva har endra seg frå den gongen til i dag? Folk har fått betre økonomi og overbeskyttar borna sine. Er ikkje det meir eit argument MOT enn FOR barneforsikring tenkjer eg.

Klarar me oss økonomisk sjølv om noko skulle skje? Eg trur dei fleste gjer det. Ein klarar det ein må klara. Om eg må kutta ut ein sydentur, investeringa i varmekablar i avkøyrsla og medlemskap på treningssenteret fordi eit av borna mine kjem ut for noko, så toler eg godt det. Eg har endåtil kanskje godt av det.

Eit virvar av tilbod og unntak

Til sist: Borna er til ein viss grad dekte av kommunale forsikringar på skule og barnehage, og av idrettslagsforsikringar når dei er på diverse aktivitetar. Dessutan dekkjer reiseforsikringa ein del. Den tida av døgeret som ikkje er dekt, får eg leva med. Er uhellet ute, håpar eg som sagt at eg ikkje fyrst tenkjer på pengar, deretter på korleis det gjekk med barnet mitt.

Eit generelt argument mot barneforsikring er at det, som i alle andre bransjar, er eit virvar av tilbod og unntak, alt krydra med eit dels uforståeleg språk som mest truleg er tilsikta, at eg ikkje orkar ha ei einaste forsikring meir enn eg føler eg må.

Barneforsikring høyrer etter mi meining ikkje til den kategorien. Eg tvilar også på at ein får så store utbetalingar som selskapa lokkar med, og trur ein del av det ein betalar for, ikkje er nødvendig. Eg trur til dømes at ein får god hjelp i det offentlege helsesystemet. Det skulle ein ikkje tru når ein les lista over det forsikringane inkluderer av behandlingshjelp. Dette er eit skapt behov, tippar eg.

Så får dei heller godta seg, karane som argumenterte mot meg på festen, den dagen ulukka er ute. Men slik er det med all forsikring: Ein kan aldri vita om ho vil vera gunstig for deg eller ikkje. Spørsmålet er om ein kan leva med den økonomiske situasjonen som oppstår om noko skjer og ein ikkje er forsikra. Det meiner eg at eg kan, med god margin.»