Bli fan av Reise-Adressa på facebook her

Dette er Juvet Landskapshotell i Valldal på Nordmøre, ved turistvegen mellom Geiranger og Trollstigen. Der, ved naturattraksjonen Gudbrandsjuvet i elva Valldøla, teikna arkitektane Jensen & Skodvin ei utsiktsplattform i regi av Nasjonale Turistvegar. Så dukka ideen om eit landskapshotell opp, frå arkitektane.

Grunneigar Knut Slinning greip sjansen. Han er i ferd med å gjera ein gammal gard om til ei moderne reiselivsbedrift. Våningshuset og løa er restaurerte og omgjorde til felleshus for gjestene som skal koma hit for ei hotelloppleving utanom det vanlege. I staden for å stella med dyr og produsera mat, skal garden Burtigard i framtida ta imot opplevingslystne og betalingsdyktige menneske med sans for nærkontakt med naturen.

Sju av ti hotellrom er ferdigbygde i skogen mellom gardstunet og elva. Sju frittståande, enkle, moderne bygg med heildekkjande vindauge på fleire av veggene. Eit hotellrom med bad i kvar bygning, som er nennsamt plassert på tynne stålsøyler over skogsbotnen. Smale stiar gjennom skogen fører fram til kvart rom.

Mest mogeleg urørd skal naturen vera av hotellromma som vender vindauga mot kvar sin spesielle utsikt. Nokre over juvet, mot elva, andre inn i den grøne skogen eller opp mot fjella. Rom med utsyn som skiftar med vind og ver, med dagslyset og med årstidene.

«Grisefjøs-kjøken»

I det gamle grisefjøset er det laga moderne kjøken, spisestova ligg i kufjøset, i den gamle stallen er resepsjonen, ei peisestove har overteke sauefjøsen og på låven er det laga til gildehall. Spaavdeling blir det også med tre ulike badstover.

Hit skal gjestene inviterast på eksklusive fem-dagars-opphald som også inkluderer opplevingar i form av t.d. topptur og rafting og spesielle måltid. Tre-fire tusen kroner døgeret vil det kosta, alt inkludert.

Landskapshotellet til 20 millionar kroner er det einaste private prosjektet som er ein del av Nasjonale Turistvegar. Denne statusen har bidrege til arkitekttenester frå arkitektkontoret Jensen & Skodvin. På denne måten tar turistvegprosjektet eit steg vidare og er med på å skapa noko i tillegg til moderne utforma rasteplassar og utsiktsplattformer. Eit av måla med Nasjonale Turistvegar er å stimulera til ny næringsutvikling langs dei utvalde vegstrekningane.

I løpet av hausten skal landskapshotellet takast i bruk. Men alt no har hotellet fått omtale internasjonalt. Nyleg kåra avisa Times of London Juvet landskapshotell til årets heitaste reisemål.

Bli fan av Reise-Adressa på facebook her