Kronikk:

Til Trønderenergi: Leiarar tek ofte feil, men dei må snu straks dei oppdagar det

Det er svært skuffande å sjå at Trønderenergi kasta seg på den spekulative bølga i Norge med å bygge «business» basert på salg av våre felles verdiar.

Manglar Trønderenergi si leiing og styre kunnskap eller verdigrunnlag? Har dei rett og slett uvitande teke feil beslutningar? Då må dei innrømme det og stanse alle utbyggingar omgåande, skriver Harald Kjelstad. Bildet viser konsernsjef Ståle Gjersvold i Trønderenergi, under et viktig kommunestyremøte på Frøya.  Foto: Kim Nygård

Saken oppdateres.

Konsernsjef Ståle Gjersvold brukar kronikkplass i Adresseavisen 30. juli for å forsvare seg, styret i Trønderenergi og andre politikarar for den omfattande vindkraftutbygginga i Trøndelag.

Harald Kjelstad 

Det er ein fagleg grei kronikk når det gjeld attgjeving av historia i norsk energipolitikk, men eg er sterkt kritisk til Trønderenergi sine løysingar for underdekning av kraft i regionen. Eg var også invitert til eit første møte på Kvilhaugen for mange år sidan om oppretting av eit regionalt energiselskap, det som senere ble Trønderenergi. Bak invitasjonen stod Per Kr. Skjærvik, ein respektert ordførar frå Rissa, slik eg oppfatta det. Eg har alltid prøvd å støtte lokale og regionale initiativ. Eit av måla var å ha eit selskap med tydeleg stemme som skulle arbeide for god kraftforsyning, ikkje minst frå overskotsområda på Vestlandet. Dette var dessutan mitt fagområde, eg har teke del i planlegging og utbygging av nærare 40 kraftanlegg i fire verdsdelar. Ikkje berre som ingeniør i yngre alder, dei seinare åra også som styreleiar i kraftselskap og energiselskap.

LES KRONIKKEN TIL GJERSVOLD: Derfor vil Trønderenergi bygge vindkraft

NTNU har berekna at vindkraft under utbygging og planlegging kan erstattast ved rehabilitering og reduksjon av tap i eksisterande anlegg. Potensialet for energiøkonomisering er også stort. Og vi må redusere vårt totale forbruk av jorda sine ressursar, ikkje minst forbruk av naturen. Det er difor svært skuffande å sjå at Trønderenergi kasta seg på den spekulative bølga i Norge med å bygge «business» basert på salg av våre felles verdiar. Dette var eit vindauga som opna seg gjennom:

  1. Sterk subsidiering av småkraft og vindkraft gjennom grøne sertifikat, men enda meir gjennom auke av nettleige for å bygge kraftlinjer til vindkraftanlegga.
  2. Låg skattlegging utan grunnrente for utnytting av vår felles natur.
  3. Svak lovgjeving, ikkje vern mot spekulantar slik vasskraftlovene vart utforma tidleg i forrige århundre.
  4. Eit «ansiktslaust» byråkrati i NVE med tilsynelatande store fullmakter som stort sett let alt sleppe gjennom utan grundige konsekvensanalyser.
  5. Store kapitalmengder i Europa, spesielt frå pensjonsselskap, på jakt etter nye infrastrukturinvesteringar i eit «ferdig utbygd» Europa.

Interessert i debatt og meninger? Les flere saker her.

Menneskeskapte klimaendringar har heldigvis fått større og større merksemd. Men dette vert utnytta fullt ut av spekulantane og deira kommunikasjonsekspertar, slik at politikarar og media ikkje torer å gå inn diskusjonane. Ikkje minst bransjeorganisasjonane Norwea og Energi Norge der Trønderenergi også er medlem, utgjer eit stort propagandaapparat.

Kunnskapen om vasskraft er stor i Norge. Før norsk oljealder var vi industrielt også leiande i verda på fornybar kraft. Men kunnskap om vindkraft har derimot vore låg, også hos politikarar. Difor tok det mange år før folk forstod kva som verkeleg var på gang. Først når dei store utbyggingane brått starta opp i fjor og første halvår i år, gjekk det opp for folk kva som skjedde.

På knappe to måneder fikk Adresseavisen mer enn 50 leserinnlegg om Trønderenergi og enda flere om vindkraft på Frøya. Her er noen av dem.

Men NVE, Olje- og energidepartementet og investorane, også leiinga i Trønderenergi, visste kva som skulle skje. Dei visste at dei skulle bygge milevis med breie vegar gjennom store skjeringar og høge fyllingar, gjennom punkterte myrar, med store utslepp av metan, ein drivhusgass meir enn 20 gonger verre enn CO2. Planering av ei halv fotballbane for oppstilling av kvart turbintårn, kvart fundament med opp mot 1000 tonn betong og 50 tonn stål. At tårna skulle verte mykje høgare enn i konsesjonssøknadane, at turbindiameter skulle aukast til kanskje meir enn 150 meter, at kvar turbin skulle dekke eit areal både horisontalt og vertikalt på nærare 20 dekar. At i dette luftrommet skulle det drepast mengdevis av fuglar og insekt, at iskasting skulle avskjere folk og dyr frå å bevege seg trygt mellom turbintårna. Dei visste om støy og lågfrekvente bølger, om skuggekasting av sollys, at vengene må utstyrast med blinkande lys for å varsle luftfarten, at turbinvenger laga av komposittmateriale vil vere spesialavfall etter 20 år, at erosjon av overflata startar ved første omdreiing i vårt tøffe klima, og at denne erosjonen fører til utkasting av karbonfiber og mikroplast som går inn i det levande kretsløpet i naturen. Verknadsgraden fell frå første omdreiing, og dei visste om overføringstapa til marknadane på kontinentet. Dei veit at med den ustabile vindkrafta må anna kraftproduksjon køyrast med andre variasjonar enn kva som var forutsett. Og dei visste nok at dette ikkje var ein del av klimakampen.

LES OGSÅ: Politiet har tatt ned teltleiren - motstanderne går i anleggsområdet

Det som nå skjer i vår vakre natur i vårt langstrakte land er den historisk største raseringa av norsk natur og naturmangfald nokon gong. I motsetning til alle andre inngrep er desse massive inngrepa irreversible, først ved neste istid vil skuring frå breane slette spora.

Manglar Trønderenergi si leiing og styre kunnskap eller verdigrunnlag? Har dei rett og slett uvitande teke feil beslutningar? Då må dei innrømme det og stanse alle utbyggingar omgåande. Så kan vi kanskje tilgje dei og delta i betalinga av avslutningskostnadane. Leiarar tek ofte feil, men dei må snu straks dei oppdagar feilen, då kan dei vinne att respekt.

LES OGSÅ: Vindkraftmotstanderne: – Vi feirer gjerne jul her

Om forfatteren: Kjelstad ledet Siva fra 1988 til 2013. Tidligere har han arbeidet ved daværende NTH og i flere kraftselskaper, inkludert NTE. Etter at han sluttet i Siva, var han inntil nylig styreleder i et kraftselskap og i et energiselskap.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå