Debatt:

Korleis skal samfunnet avspeglast?

Saken oppdateres.

I slutten av november hadde Geirmund Lykke eit innlegg i denne spalta der han spør kvifor Adresseavisen har så låg journalistisk dekning av det som hender i kulturlivet, medan ikkje minst idretten får svært stor omtale, støtta av ei mengd bilete. Spydig sagt: Kvar senestrekk og formkurve-knekk får merksemd.

Lykke spør med god grunn. Det hadde vore både interessant og nyttig for oss lesarar og abonnementsbetalarar å få veta korleis vår stort sett kjære og landsdelsdominerande avis ser på dette. Adresseavisen er ressurssterk, har mange erfarne journalistar, og veit godt si rolle i det trønderske samfunnslivet.

Interessert i debatt og meninger? Les flere saker her.

Eg oppfordrar då avisleiinga til å forklare – og grunngje – si fordeling av dekninga av de ulike stoffområda.

For eksempel: Tilsvarar prosenten fotball- og skistoff interesseprosenten hos leserane, nøkternt vurdert? Eventuelt: Finst det pålitelege marknadsundersøkingar som viser kva folk vil (og ikkje vil) ha?

Nede i botnen av dette lurer det store spørsmålet om korleis samfunnet skal avspeglast, og kva som er viktig i høve til kva?

Forslag: Ein gong i kvartalet kjem Adresseavisen ut med eit spesialnummer om berre musikk, litteratur, film, teater, handverk, jordbruk, fiske og friluftsliv.

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

OPPTATT AV DEBATT? Lytt til en debatt-podkast, i regi av ungdommer på Saupstad og Kolstad: Helsesista svarer om ensomhet, sex, følelser og porno

På forsiden nå