Debatt:

Byen veks, men har den slukt bygda?

I november 2019 var det folkemøte i Melhus om busslinje 38. Eg kjenner ingen samfunnsforskar ved sitt fulle fem som ville hevde at Melhus er ein bydel av Trondheim, og dermed må behandlast som det i trafikkplanlegging, skriver debattanten.  Foto: Morten Antonsen

Saken oppdateres.

Under debatt i Adressa 24. august i fjor var Harald Storrønning ute med ein visitt til meg og leiar av hovudutvalet for transport i Trøndelag fylkekommune, Per Olav Hopsø når det gjeld busskrisen i Trondheimsområdet generelt og Melhus spesielt. Per Olav Hopsø har svart for seg, men i og med at Adressa trykker Storrønnings innlegg på nytt 31. desember (i årets kavalkade over de mest leste debattinnleggene), må eg be om spalteplass for å korrigere fleire feilslutningar og fagleg sett tvilsame påstandar som angår mitt fagområde.

Reidar Almås  Foto: Vegard Eggen

For det første hevdar Storrønning at «Trondheimsområdet skal vokse med ytterligere 40 000 innbyggere innen 2030. Derfor ble det i juni 2016 vedtatt å legge om kollektivsystemet fra at alle bydeler hadde direktelinjer til sentrum, til at dette ble beholdt for de mest passasjertunge strekningene og at øvrige bydeler får omstigning til disse linjene». Men når vart Melhus ein bydel i Trondheim?

Interessert i debatt og meninger? Les flere saker her.

Kven har i tilfelle vedtatt det, og kven har bestemt at Trondheim «skal vokse med 40 000 innbyggere innen 2030»? Kanskje, kanskje ikkje. Det smakar av salig Tor Fredrik Rasmussens mantra: «Hele folket i storbyer». Sjølv Stalin dreiv ikkje med meir enn femårsplaner. Kanskje Storrønning og hans stab skulle bry seg meir om 2020 og 2021 enn 2030?

Kven veit kva slags fleksible kolletivløysingar vi har i 2030, med den rivande tekniske utviklinga ein ser med sjølvkøyrande bussar, som no blir testa ut i fleire norske byar (Stavanger, Kongsberg, Gjøvik, Oslo)? For det andre hevdar Storrønning at «randsonene av det som nå beskrives som Trondheimsområdet må, på lik linje med andre, regne med omstigning på reisen. Slik er det å være en del av en by som har blitt større».

LES OGSÅ: Trondheims-området har vokst, og vi må reise annerledes

Så det veit Storrønning, at «randsonen» (les Melhus) er «en del av en storby». Eg kjenner ingen samfunnsforskar ved sitt fulle fem som ville hevde at Melhus er ein bydel av Trondheim, og dermed må behandlast som det i trafikkplanlegging. Geografisk og sosiologisk er Melhus med alle sine sju sentra og sine grender ei bygd, administrativt er det eigen kommune med eigne myndigheter.

Storrønning hevdar vidare at «AtB har jobbet med dette systemet i fem år og hatt en lang rekke møter med grendelag, beboerforeninger og kommuner i løpet av prosessen». Her på Hølonda der eg bur, og elles i grendene i Melhus, har ingen sett snurten av AtB, bortsett frå i sentrum, der AtB bokstaveleg talt vart kalla inn på teppet av politikarane i Melhus og fylkeskommunen.

Ein skal vel vera bra tonedøv for å underslå at det har vore eit massivt bussopprør (utan hermeteikn) imot det nye busstilbodet til og frå Melhus. Og opprøret og folkeaksjonen ser delvis ut til å ha ført fram ved gjenopprettinga av direkterute 71. Men kva med oss som bur på Hølonda og i andre grender i kommunen? Nok ein gong må vi nok lite på at vi har oppegåande politikarar og ikkje lever i eit teknokratisk plansamfunn, enn så lenge.

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

OPPTATT AV DEBATT? Lytt til en debatt-podkast, i regi av ungdommer på Saupstad og Kolstad: Helsesista svarer om ensomhet, sex, følelser og porno

På forsiden nå