Debatt:

Politiet og utrykningar

Innleggsforfatteren føler seg ikke trygg på at politiets utrykninger skjer uten fare for andre trafikanter.  Foto: Illustrasjonsfoto.

Saken oppdateres.

Frode Tystad, som er opplæringsansvarleg i Trøndelag politidistrikt, har eit innlegg i Adressavisa 2. juni 2020. Innlegget er ein kommentar til eit innlegg frå Kristian R. Stamnes 27. mai, der han skriv om ei hending med eit utrykningskjøyretøy frå politiet.

Frode Tystad skriv mellom anna: «Plasseringen av utrykningskjøretøyet på veien sier noe om hva fører ønsker at du skal gjøre. Det finnes ikke noe «feil» her, men senk farten slik at du selv får tid til å tenke. Det er ingen som forventer at du «kjører til skogs» for å hjelpe til eller ødelegger din egen bil.»

LES INNLEGGET: Sjåføren av utrykningskjøretøyet har ansvaret

Forventning eller ikke: For to-tre år sida kom kona mi og eg køyrande nordover og nærma oss Udduvoll bru. På veg sørover starter ei sivil politibil i utrykning ei forbikjøirng som tvinger oss til bremse hurtig ned å svinge heilt ut mot autovernet for å unngå kollisjon. Eg syntes denne forbikøyringa var så fårleg at eg gjekk på politistasjonen etterpå og fortalde om hendinga. Tanken min var at kan hende kunne politiet nytte denne informasjonen i arbeidet for å unngå slike episoder.

Når eg no les Kristian R. Stamnes sitt innlegg om hendinga i Væretunnellen og har i mente andre innlegg om emnet frå seinare tid, så må eg vedgå at det snik seg inn ei frykt hos meg: Risikerer eg, eller andre, også i framtida å verte utsette for fare i trafikken av politiet sine utrykningskøyretøy?

LES INNLEGGET: Politi med sirener i Væretunnelen!

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå