Naturen har alt å tape på vindkraft i Noreg

Når fuglar og små og store kryp har mist leveområdet sitt i 30 år, er det ikkje slik at alle utan vidare kjem flyttande tilbake, spør Vågsland. Bildet er fra Åfjord.  Foto: Morten Antonsen (Arkiv)

Saken oppdateres.

Dette er det motsette av det Arne Fredrik Lånke skriv i innlegg 29. august. Det er i alle høve ingen tvil om kva hatt Lånke har på seg når han skriv. På nettsida til Stormvind står det at dei jobbar for å utvikle nye vindkraftprosjekt i Noreg.

Lånke har forstått at det ikkje er lett å få det norske folk til å godta at villmarksområde og områder utan inngrep skal bli øydelagt. Så derfor prøvar han å gje grunnar som ikkje er sanne.

LES INNLEGGET LÅNKE SVARTE PÅ: «Vi må tåle å ofre litt natur…» - kommentar til argumentasjon for vindkraftindustri

For det første er det slik at Noreg har innfridd EU sitt krav om 67,5 prosent fornybar energi i sitt forbruk. Så er det slik at det er stilt nye krav etter 2020. Men, det er altså ikkje mangel på fornybar energi som hindrar Norge i å fase ut fossile drivstoff til transport. Kvart år har landet i gjennomsnitt eit overskot på ca 15 TWh fornybar energi. Dette overskotet kjem til å bli større i dei næraste åra. Det vil vere nok til å erstatte det meste av det som trengst for å gjere transporten fossilfri.

Når regjeringa i tillegg har vedtatt eit mål om å spare 10 TWh i bygg innan 2030, så bør det vere klart for alle at det ikkje er mangel på fornybar energi som hindrar omstilling. I tillegg er det mykje forsking som har vist at potensialet for energieffektivisering er minst tre gonger så høgt som det regjeringa er villig til å satse på.

Les også: Hvem skal styre norsk klimapolitikk?

Men Lånke har rett i at det trengs meir fornybar energi over store delar av jorda og at vindkraft kan vere til hjelp. Problemet er bare det at då må den bli produsert nær der den trengs. Logikken til Lånke er på line med å be ungane i Noreg ete opp maten slik at det kan bli mindre svolt i verden. Meir vindkraft i Noreg er om lag det same som å be folk om ikkje å bry seg om sparing.

Den mest tvilsamme til Stormvind er likevel påstanden om at inngrepa som vindkraftindustrien skaper er reversible. Når ein ser omfanget at fjellsprenging, fyllingar og myr som grav bort, forstår ein at det må ei ny istid til før spora forsvinn. Trur Lånke verkeleg eigarane vil ta med seg fundamentet, plante til vegane, få mose og lav tilbake og fylle myra tilbake.

Når fuglar og små og store kryp har mist leveområdet sitt i 30 år, er det ikkje slik at alle utan vidare kjem flyttande tilbake. FN sitt Naturpanel har understreka at arealendringar er det størst trugsmålet for utrydding av arter i dag. Vindindustrien i Noreg er eit svart eksempel på slike inngrep, men det er dette Stormvind vil tene pengar på.

Les også: Grønn verdiskaping bygger fremtidens næringsliv

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå