Straumpris, kablar og klima

Etter et fjorår med lave strømpriser, er prisen nå på vei oppover.  Foto: Glen Musk

Saken oppdateres.

Nå har det vore fleire oppslag om at prisen på straum har stige kraftig. Men oppslaga er lite eigna til å bli klok av. Alle har jo registrert at det har vore kaldt i Sør-Noreg den siste tida, men det er ein særs liten årsak til at prisen er høg. I heile perioden har eksporten gått for fullt, og så langt er det eksportert 0,54 TWh. Fyllinga i magasin er historisk høg, men det har blåse lite i Danmark og Tyskland.

LES OGSÅ: I dag skyter strømprisen i været: - Dette er en stor økning

Dette fører til at når dei viktigaste kablane går dit, bli prisen i Sør-Noreg langt høgare der enn i landet nord for Dovre. I dag er prisen 10 øre/kWh lågare i Trøndelag enn det den er lengre sør. Derfor er det ikkje magasinfylling eller temperatur som er viktigaste grunn til høge prisar, men at kablar til Danmark, Tyskland og Nederland importerer prisen derifrå.

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook!

På forsiden nå