13 000 studenter støttar VM-boikott: Ofrar alt, for me må

Det var feigt at NFF valde å utsetja denne avgjersla til sommaren. No er det på tide at dei brettar opp ermene, tar ansvar og boikottar VM i Qatar, skriver studentleiar Karen Mjør.  Foto: Privat

Saken oppdateres.

På laurdag sat Samfundet sine 13 000 medlemmer ned foten og vedtok ein resolusjon som ber Noregs Fotballforbund ta ansvar og gå inn for ein boikott av VM i Qatar. Det er på tide å visa at å spele fotball med det norske flagget på brystet, inneberer at ein kjempar for universelle menneskerettar for alle.

LES LEDEREN: Fotball-VM i Qatar blir en stadig større skam for idretten

Ifølge The Guardian har 6500 arbeidarar mista livet for å byggja stadionar og infrastruktur for VM i Qatar. Tala er omdiskuterte, men poenget er at Qatar si førebuing til VM best kan skildrast som moderne slaveri. Dette skjer i eit land der homofili er forbode, og noko så enkelt som å elska den ein vil medfører risiko for dødsstraff. Desse brota på menneskerettane forsøker Qatar å sportsvaska gjennom fotball-VM. Det kan ikkje Noreg akseptera.

LES OGSÅ: Mer enn en klubb

Me har forståing for at det er kjipt å boikotta fotball-VM når Noreg sitt fotballandslag er på veg inn i ein ny gullalder. Me skjønar at det kjenst urettferdig å ikkje delta i eit meisterskap, når det er fyrste gong på 20 år at me har ein reell sjanse for å delta. På trass av dette skal ikkje idrettsnasjonalismen trumfa menneskerettane. Om NFF går inn for å delta i VM i Qatar, sender dei eit tydeleg signal om at fotballfest er viktigare enn rettane og levekåra til utsatte arbeidarar og homofile.

NFF må sørga for at Noreg blir eit førebilete i kampen for menneskerettane. No må dei vera tydelege på at at nok er nok. NFF kan ikkje sitja og sjå på at VM vert brukt til å laga falske glansbilete av ein menneskerettsverstingane. Ved å boikotta VM i Qatar vil Noreg vera med på å leggja press på at andre nasjonar også skal gjere det same. Det er på tide å ta ansvar.

LES KRF-HÅBREKKE: Vi trenger å møtes på løkka

Diskusjonen om boikott av idrettsarrangement er ikkje ny. Me kan mellom anna sjå til OL i Beijing i 2008, der mange av dei same ankepunkta vart fremja. Den gong lot me Kina sportsvaska vekk fokuset frå mellom anna tortur, dødsstraff, mediesensur og forfølging av menneskerettsaktivistar. Det at det har skjedd før legitimerer likevel ikkje at det kan skje igjen. Heller tvert imot.

Både VM i Qatar og OL i Beijing syner at Noregs Fotballforbund og Noregs Idrettsforbund treng ei betre etisk rettesnor enn det dei har i dag. Det er på høg tid at dei utarbeidar eit verdidokument med forankring i menneskerettane, og med det set ei klar grense for kva brot som gjer deltaking i meisterskap uaktuelt. Slik kan Noreg vidare vera ei sterkare stemme for å kreva at OL, VM og EM i framtida vert gjennomført i land som ivaretar menenskerettane for alle innbyggjarar og arbeidarar.

Start med Qatar. Set eit godt eksempel og slå eit slag for menneskerettane. Det var feigt at NFF valde å utsetja denne avgjersla til sommaren. No er det på tide at dei brettar opp ermene, tar ansvar og boikottar VM i Qatar. Det burde vera sjølvsagt at Noreg ikkje skal delta i fotball-VM på ein gravplass.

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

På forsiden nå