Det er ein velkjent frase at «det er kvinnedag éin dag i året, og mannedag dei resterande 364».

I år er det skuddår, og det er nesten så ein spør seg om det er takka vere denne ekstra dagen at Trondheim Symfoniorkester og Opera (TSO) har funne plass til ein heil konsert med bare kvinnelige komponistar den 8. mars. For jamnt over ser det ut til å vere mannedag i TSO.

Med konsert-tittelen «Meir enn du gav, fekk du att: I anledning kvinnedagen», inviterer TSO til kammermusikk-konsert 8. mars. «Vi fordyper oss i historien og presenterer komponister som ble slettet, ekskludert og baktalt, rett og slett for å være kvinner. Og vi skal feire de hardt vunne seirene til dem som kjempet for kvinners stemmerett ved å fremføre verk av nålevende kvinner som tar sin rettmessige plass i samfunnet som komponister og kunstneriske banebrytere.»

Men den «rettmessige plass» for musikken til kvinnene er for TSO åpenbart ikkje frå scena i Olavshallen sin Store sal, der symfoniorkesteret vanligvis held konsertane sine. Nei, kvinnelige komponistar gjør seg visst best på gratiskonsert i orkesteret si kantine, der kammermusikkonserten skal finne stad.

Eg er klar over at den store salen i Olavshallen akkurat no er opptatt med operaproduksjonen La Bohème. Og tommel opp til TSO for å i det heile tatt gjøre noe ut av kvinnedagen.

Men kva for ansvar tar TSO for å fronte musikk av kvinnelige komponistar resten av året? I promoteringa til 8. mars-konserten skriv TSO: «Likestilling og representasjon i programmering av klassisk musikk er et arbeid som pågår.»

Javel – om ein tenker på likestilling i eit kjønnsperspektiv: Kor mange symfoniske verk av kvinner har TSO sørga for å ha på programmet sesongen 2023/2024? Svaret er to: Eitt kort verk av Ingebjørg Vilhelmsen på under tre minutt, og første sats frå symfonien til Anne-Marie Ørbeck, med ei varigheit på omtrent 16 minutt.

Eg er også klar over at det er færre kvinnelige komponister å ta av i orkestermusikkhistoria. Om ein verkelig vil, finn ein likevel fram til meir enn tjue minutt.

Men det er framleis håp: Orkesteret sitt program for sesongen 2024/2025 er enno ikkje sleppt! Og Olavshallen sin største sal ventar utolmodig på kvinnelige komponistar.

Hva mener du? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no eller delta i debatten i kommentarfeltet nederst – og husk fullt navn!