Under nøkkerosene i Vikarauntjønna utspeler det seg no eit drama. Dette er historia om korleis ein av dei mest artsrike typane av natur i Noreg blir øydelagt så langsamt at det verker som eit flykrasj i sakte film.

Anders Gravbrøt Finstad Foto: Privat/NTNU

For nokre dagar sidan blei det observert aure i Vikarauntjønna. Tjønna har vore fisketom sia rotenonbehandling i 2014. Ei fisketom Vikarauntjønn har er ein stor verdi for Trondheim, då vatn utan fisk er ein truga naturtype og har eit heilt anna dyreliv enn vatn med fisk. Eit nyleg restaurert kjerneområde for biologisk mangfald i Trondheim er i ferd med å gå tapt fordi nokon har freista og sette ut fisk her.

Eg trur hovudproblemet er at viktigheitene av å ta vare på fiskelause vatn for bevaring av biologisk mangold ikkje har ei brei nok forståing hos folk. For, det er noko litt vanskeleg i det å forstå at fisk kan vere eit framandelement i vatn. Mange av oss har vakse opp med at fisk i vatnet er positiv, eit sunnheitsteikn. Eit teikn på ein natur som verkar og ikkje er tungt forureina eller forstyrra på anna måte. Korleis kan dette vere noko som ikkje er bra?

Først må vi forstå korleis fisken kom naturleg til fiskevatna våre i utgangspunktet. Det heile starta etter siste istid. For 10 000 år sidan var Noreg dekt av is. Mykje is. Og alt av ferskvassfisk har komme hit i ettertid, både frå aust og frå vest. Frå aust kom ferskvassfisk via Sverige og vandra opp til den tids vasskiljet. Frå vest kom dei som kunne symje i sjøvatn og nådde dei delane av landet som var tilgjengeleg frå havet. Vatn mellom vasskiljet og marin grense kunne ikkje nåast av fisken sjølv. Men, så lenge det har budd folk i Noreg, og det er lenge, omtrent like lenge som det har vore ferskvassfisk her, har fisken blitt flytta frå vatn til vatn. Før i tida som viktig matkjelde. I dag betyr fisk i ferskvatn framleis mykje for svært mange, som kjelde for naturopplevingar, friluftsliv og som grunnlag for turistnæring. Mange har difor mange positive assosiasjonar mellom fisk og ferskvatn.

Fisken har og stor innverknad på kva som elles lever i vatnet. Dei aller fleste fisk er ikkje berre rovdyr, dei er svært effektive rovdyr. Fisk har difor stor økologisk betydning for anna liv i vatnet. Den er så gode på å ete andre dyr at svært mange arter rett og slett blir utrydda av fisken.

Salamander er eit av dei best kjende eksempla. Mange andre dyr, spesielt dei utan ryggrad som insekt og krepsdyr, vil også forsvinne eller bli sterkt redusert i mengde når fisk introduserast i eit elles fisketomt vatn. Dette vil vidare ha kjedereaksjonar på andre grupper av arter. Nokre fuglar er til dømes nærast avhengig av vatn utan fisk som hekkelokalitet.

Svært mange vatn og innsjøar ligg i områder der fisk ikkje har hatt naturleg tilgang. Vatn og innsjøar utan fisk har difor gått frå å vere ein av dei vanlegaste til å vere ein av dei mest truga naturtypane i Noreg i dag. Det fylgjer også med at mange av dei dyra som er avhengige av eit fiskefritt leveområde er blant dei mest truga artane vi har.

Tilbake til Vikarauntjønna. Vi veit ikkje om tjønna historisk har vore naturleg utan fisk. Det som er heilt sikkert er at fiskearten mort, som var årsaka til at Vikerauntjønna blei behandla med rotenon i 2014, var framand for område, og utgjorde ein mogleg trussel mot vasskvalitet i Jonsvatnet. Om Vikarauntjønna historisk har hatt fisk eller ikkje er ikkje ein veldig interessant diskusjon, sidan storparten av alle vatn i Trondheim naturleg skulle ha vore utan fisk uansett.

Rotenonbehandlinga av Vikarauntjønna gav oss ein sjanse til å behalde eit større vatn utan fisk i Trondheim utan å ta kostnader og kontroversar med ein ny. Auren som er der i dag, er det kanskje mogleg å bli kvitt med garn eller annan fiskereiskap så lenge den ikkje har starta å yngle. Det vanskelege her er å halde att for ny utsetting av fisk, i alle fall om ein, vitande eller uvitande, ikkje bryr seg om konsekvensane. Historia om korleis ein av dei mest artsrike naturtypane i Noreg blir øydelagt, går rett å slett kanskje så sakte at ingen heng med. Vatn og innsjøar utan fisk har opp gjennom historia gått frå å være ei av dei mest vanlege naturtypane i ferskvatn i Noreg, til nesten å bli borte.

Tirsdag 17. Oktober på Adressahuset: Portrettintervju LIVE med Kent Ranum / Facebook

Blir man lykkeligere uten skjerm? Møt Michael Stilson som har vært avlogga siden september: Avlogga: Lykkeligere uten skjerm? / Facebook