I vindstille, solfylte sommarkveldar har eg kunna stå i stuevindauget og sjå store, søyleforma svermar av insekt danse opp og ned i sanselaus paringsleik. Når to fann kvarandre, datt dei ned frå svermen og forsvann ut av synsfeltet og gav seg over i det som var målet med svermen og dansen.

I år har eg enno ikkje sett éin sverm. Mellom trea er luftrommet tomt og daudt. Kjære biologar, kva er det som skjer? Kvar har insekta vorte av? Og kva er utsiktene? Insekta greier seg utan oss. Greier vi oss utan dei?

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe