Under vann finnes et hav av lyd. Hva kan disse lydene fortelle oss?

Kommunikasjon – tale, musikk, lyd og lytting. Livsnødvendige funksjonar for å føre slekter vidare, advare om fare, signalisere tryggheit, si frå om at ein finnast, sørge for at ein møtast. Heile naturen kommuniserer. Den kommuniserer med kjemiske signal, elektriske signal, visuelle signal og ikkje minst gjennom lyd. Me tar det gjerne for gitt at me kan snakke og synge. At me kan lage instrument og uttrykke følelsar. At me kan komponere og lage verktøy for å utrykke oss musikalsk. Men tenk på all den andre lyden me lagar.

“In the waters around New Zealand whale calls have adapted to the increase in shipping noises (…) the hum of engines and thrash of propellers” (David Byrne, How Music Works)

Mennesket er ein bråkete art. Som samfunn har me laga ein masse støy. Støy i byane, støy på fabrikkane, støy frå flya, støy frå båtane, støy på frekvensar me ikkje høyrer sjølv.

Det er vanskeleg for oss å forstå korleis lydane våre påverkar verda, men på ein måte forståeleg når det gjeld den delen av naturen me ser og kjenner oss som ein del av – altså det som skjer på landjorda. Under vatn derimot er ei verd som er ukjent og utilgjengeleg for dei fleste av oss. Difor veit me ikkje eingong at me forstyrrar, og enda mindre kven me forstyrrar, når me kjem med all vår menneskelege støy ut i vatnet.

Arnfinn Stendahl Rokne, museumsdirektør på Ringve og Rockheim (Museene i Sør-Trøndelag) Foto: Maja Lindseth

Kva skjer når vår støy møter lydar som dyr har utvikle for kommunisere gjennom utroleg lang tid? Lydar som har spesielle funksjoner for dyreartar og som dei treng for å overleve?

På Ringve Musikkmuseum jobbar me med bevaring. Bevaring av instrument, bevaring av gamle bygg, bevaring av kunnskap om musikk, bevaring av immateriell kultur og bevaring av musikken i seg sjølv. Å bevare er grunnleggande i det me jobbar med. ICOM, verdsorganisasjonen for museum, laga ein ny museumsdefinisjon i 2022. Den legg vekt på musea sitt ansvar for bevaring av verdas naturarv. Den peiker også på at naturen og kulturen ikkje kan forståast kvar for seg. Menneska er natur. Samfunna våre både spring ut av naturen og har ei enorm påverking på naturforholda lokalt, regionalt og globalt.

Verdas forskarar er samstemt: me har aldri vore i ein så krevande situasjon som me er i no med tanke på verdas miljø. Det hastar, og dei positive endringane går for sakte. Kunnskap er sentralt for å finne løysingar, men kunnskapen har me hatt lenge. Altfor lenge, kjennes det av og til ut som. Det me treng no er følelsar. Følelsen av alvor, at noko heldt på å gå tapt. Noko som er dyrebart. Noko me sjølv er ein del av. Noko umisteleg.

Lydkunstneren Jana Winderen og lyd- og musikkprofessoren Tony Myatt står bak lydinstallasjonen «Lost Voices» som kan oppleves på Ringve Musikkmuseum. Foto: Annemona Grann

Det er dette me vil løfte fram i utstillinga Lost Voices – kunstverket Jana Winderen har skapt særskilt for Ringve Musikkmuseum. Kunnskapen om musikk er også kunnskap om lyd, og korleis lyd verker på sine omgivelsar. Under vatnet finnast eit hav av lyd. Kvalar som syng, torsk som trommer. Eit mylder av rytmar og sus. Lydane kan fortelle oss noko om økologien og om samanhengar i naturen. Den gir annan informasjon enn det me kan sjå eller måle på andre måtar. Lydane fortel oss om kva som lever kor, og om me lyttar over tid vil me kunne oppleve korleis livet endrar seg.

I tillegg kan me høyre oss sjølv. Menneska. Å lytte til den menneskelege påverkinga under vatn er overveldande og overraskande. Lytting snakker rett til følelsane våre. Gjennom å tilby publikum opplevinga av lyden under vatn – både den som skal vera der og den som ikkje bør vera der – håper me å kunne gi vårt bidrag til å dytte verda eit lite steg i retning av større omsorg for naturen og større forståing for kvifor me skal kjempe for det mangfaldige livet på jorda – både på land, i lufta og i havet.