Trenden mellom norske kommentatorar denne seinhausten er å kritisere den norske pandemiresponsen. Mange har lest svenske Anders Tegnell sin bok om pandemien. Den er både lettlest og prega av Tegnell sin sedvanlige skråsikkerhet. Då bit det godt i den norske gullfiskbollen.

Sist ute er Trygve Lundemo. Han føyer seg inn i rekka av kommentatorar som meiner vi mista hovudet under pandemien. Argumentasjonen er prega av at Norge kom billig frå sjølve viruset. Tiltaka i den tidlege fasen av pandemien slo ned viruset – og vi sit att med inntrykket av at dette var jo ingen big deal. Så var eigentleg tiltaka nødvendige? Dette er eit kjent paradoks innan smittevern. Vellukka smittevern fører til lågare oppslutning om tiltaka ettersom innbyggjarane merkar mindre til sjukdomen.

Norge gjorde rett i å stenge ned i mars 2020. Men då burde ein allereie hatt risikovurderingar og planverk klart lang tid i førevegen, skriver Kristian Kobbenes Starheim. Foto: Privat

Det er lett å gløyme i dag, men i mars 2020 stod Norden ovanfor ein svært risikabel og uoversiktlig situasjon. Viruset spreidde seg eksplosivt, og det var ei reell fare for at svært mange kunne bli smitta. Det var ei reell fare for at helsevesenet kunne bli overbelasta så det ikkje kunne levere helsehjelp til innbyggjarane. Konsekvensane av dette hadde vore enorme, både i sjukdom og død på kort sikt, og effektane av tapt helsehjelp på lang sikt. Storbritannia, som opplevde eit stort press på helsevesenet, har berekna prislappen for manglande helsehjelp under pandemien til enorme summar. Og det kjem i tillegg til dei psykiske belastningane det var å leve i eit samfunn med høgt smittetrykk. Høgt smittetrykk heller ingen spøk – særleg for dei i samfunnet som hadde lite frå før. Pandemien var hardast for dei som allereie hadde dårleg økonomi, kronisk sjukdom og psykiske problem. Få av desse er representert på kommentatorplass i norske aviser.

Dei store konsekvensane av stengingane er høgst reelle. Dei som jobbar med barn og unge ser dei kvar dag. Det er viktig å ha ein kritisk diskusjon om den norske koronaresponsen. Men, Tegnell sit ikkje med fasiten. Han har vorte omfattande kritisert av internasjonale fagfellar og av eige helsevesen. Det viktigaste kritiske punktet mot den norske pandemiresponsen er at den var for dårleg førebudd. Norge gjorde rett i å stenge ned i mars 2020. Men då burde ein allereie hatt risikovurderingar og planverk klart lang tid i førevegen.

Hva mener du? Slik skriver du for Adresseavisen Midtnorsk debatt!