Rundt klokka eitt torsdag stod det ein fyr framfor ei kvit dør med gullkarmar midt i Stockholm. Mannen i dress representerte «De Aderton», som er kallenamnet på medlemmene i Svenska Akademien – dei 18 personane som avgjer kven som får Nobelprisen i litteratur.

Jon Fosse sit på venterommet på kaien på Frekhaug.

40 minutt seinare opnar Jon Fosse ei brun dør på Frekhaug kai og kjem inn i eit tomt venterom. I det eine hjørnet ligg det ein fotball utan luft, og i eit stativ med nokre bøker heng ein tom pose frå Vinmonopolet og misjonsbladet Lys over land.

– Eg har faktisk aldri vore her før, seier forfattaren frå Strandebarm og ser ut gjennom vindauget mot fjorden.

Telefonen ringer igjen. Den ringer heile tida. Denne gongen er det eit spansk nummer.

– Det blei mykje mas i dag! seier Fosse til Bergens Tidende.

Ein sånn passe vellukka forfattar

For 30 år sidan var Jon Fosse ein fattig og sånn passe vellukka forfattar på eit par og tretti. Så blei han spurd om å skrive for Den Nationale Scene. Han skreiv sitt første stykke, «Nokon kjem til å kome».

Stykket fekk ikkje premiere før nokre år seinare, men dramatikarkarrieren til Jon Fosse tok av. Han reiste verda rundt med stykka sine.

Dei siste åra har storverket «Septologien» gjort Fosse meir kjent også som forfattar av prosa – av romanar.

Det blei mykje mas på Fosse i dag, så han måtte kopla av med ein pris.

Og rett etter klokka eitt i torsdag blei det altså kjend at Jon Fosse er med i ei ekstremt eksklusiv gruppe av forfattarar.

– Nobelprisen i litteratur 2023 går til Jon Fosse for hans nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det useielege, kom det frå Stockholm.

Fosse sjølv fekk vite det ein halvtime tidlegare, då han var ute og køyrde bil.

– Då ringde dei frå Svenska Akademien og fortalde at i år var det meg.

– Heldt du på å køyre av vegen?

– Nei, men eg blei overraska. Og veldig glad. Eg har jo vore i diskusjonen i nokre år, så eg burde vera førebudd, men ein blir jo aldri heilt det, seier han.

– Nynorsken er større enn meg

Det er heilt stilt på kaien før Jon Fosse kjem. Og i nokre minutt uroar vi oss for om nokon kjem. Men plutseleg kjem det ein svart bil med to kross over spegelen, og forfattaren stig ut.

Etter ei stund finn han fram ein boks med laus snus og pakkar seg ein pris. Vi pratar litt om kor mange vinnarar av Nobelprisen i litteratur som har brukt snus.

– Det har sikkert vore mange! seier Fosse, og nemner svenske Tomas Tranströmer som vann i 2011.

– Eg er ein nøysom person. Eg har ingen forbruksplanar – eg er ein veldig dårleg forbrukar, seier Fosse. Foto: Vegar Valde

Men langt viktigare enn at prisen gjekk til ein som brukar snus, er det for Fosse at den gjekk til ein som skriv nynorsk.

– Eg har vore ein aktiv målmann sidan elevmållaget på Øystese gymnas. Det var der det byrja!

– Korleis er det, som målmann, å vera den som syt for at Nobelprisen i litteratur for fyrste gong går til ein som skriv på nynorsk?

Jon Fosse er ekstremt stolt over at Nobelprisen i litteratur for fyrste gong har gått til ein nynorskforfattar.

– For meg sjølv er det bra å få den. Men nynorsken er større enn meg, heldt eg på å seia.

– Så du er meir glad på vegner av nynorsken enn deg sjølv?

– Det høyrest nok kanskje litt skrytete ut, men samstundes er det ei viss sanning i det, seier Fosse.

Hardangerfjorden og hotdog

Årsaka til at vi intervjuar Jon Fosse på kaien på Frekhaug, er at han har leilegheit her. Han budde i Bergen i 30 år, men no held han seg litt nord for byen. Men han er meir i Statens æresbustad for kunstnarar, kjend som «Grotten», eller i Austerrike.

No ser han ut mot fjorden og pratar om kor viktig naturen har vore for skrivinga.

– Eg vaks jo opp ved Hardangerfjorden, og landskapet legg så mange stemningar i deg. Det er sånn du møter verda, seier Fosse.

Jon Fosse vil halde fram med billeg hotdog til middag.

Nobelprisen i litteratur er kanskje først og fremst prestisje, men den gjev også elleve millionar svenske kroner.

– Eg er ein nøysom person. Eg har ingen forbruksplanar – eg er ein veldig dårleg forbrukar, seier Fosse.

– Då eg intervjua deg i kunstnarbustaden i Oslo hadde du hatt hotdog til middag, med dei billigaste lompene, type First Price. Er det noko du vil halda fram med?

– Ja, heilt klart. Eg har overlevd som fattig forfattar i mange år. Eg har ikkje tenkt å endra på det, seier Jon Fosse.