NRK-journalist Linda Eide reiste Norge rundt, og skapte en seersuksess med «Norsk Attraksjon». I 2012, etter 25 program og 130 attraksjoner, ville elleville Eide med grilldressen gjøre noe nytt. Men i anledning Adresseavisens #ælsketrøndelag deler hun sine trønderske attraksjoner hun var innom i løpet av serien.

Og som seg hør og bør for en vossing, så deler Eide sine tips på nynorsk.

Her er de hundre grunnene til å #ælsketrøndelag- er du enig?

Den skeive butikken i Åsen i Levanger:

Prix-butikken langs vegen. Her rullar handlevogna av seg sjølv. Den skeive butikken i Åsen vart opphaveleg bygd som meieri, og skulle ha ei viss helling for å få flytande saker til å renna mot ein sluk i golvet. Men etter det har ein ustabil leirgrunn fått bygget til å siga endå meir, slik at hellinga er blitt mykje brattare. I dag ligg utgangen bak på lageret 1,2 meter lågare inn inngangen framme i butikken. Det er ein stigning på 5 prosent det - like bratt som den maksimalt tillatne stigninga på ein motorveg! Det var vegvesenet som målte denne stigninga i eit av

Norsk attraksjons-programma.

Skjev butikk - en attraksjon i Åsen i Levanger. Foto: NRK

Eg var der ein heil dag og hadde dundrande hodepine etterpå, men den som berre stikk innom på ein handletur, får berre den eksotiske «noko er då veldig rart her?»-kjensla.

(PS: I 2015 ble butikken utvidet etter omlegging til Coop Extra, og gulvet er blitt enda skjevere, journ.anm.)

Se hvorfor den mannlige studenten fra Australia elsker Bjarne Brøndbo

Myrmannssteinen på Ekne i nærleiken av Skogn i Levanger

Ein vekkgøymd stein i Trøndelag med innskrifta Myrmenn kjøpte jord her i 1879 for å få stemmerett.

Steinen fortel den nakne sanninga om vårt demokrati, eller rettare, mangel på demokrati anno 1889. Og referer til at venstre-folk kjøpte seg ubrukelege eigedommar, for å få eigedom som igjen gav dei rett til å få stemma. Ved steinen var det elleve slike små ubrukelege eigdommar som var kjøpt opp av venstrefolk for å få stemmerett.

Men du skal vera observant for å få den med deg. Står i vegkanten, ganske skjult av eit tre, men er på alle måtar verdt ein stopp og ein refleksjon. Ved sidan av steinen, gjekk ein gong ein bekk som vart kalla stemmerettsbekken. Det handla alstå mykje om stemmerett i dette området, på slutten av 1800-talet.

Harald Hårdrådes mulege, men heilt usynlege grav i klostergata i Trondheim

Attraksjonen: Nordeuropas mest uannonserte moglege kongegrav. Harald Hardråde vart drepen i slaget ved Stamford Bridge (1066), no ligg han under asfalten i ei gate i Trondheim. Skal du nærma deg grava hans, må du kontakta vass og avlaupsetaten i Trondheim.

Harald Hårdrådes grav. Foto: NRK

Medan Olav den heilage kviler under sjølvaste Nidarosdomen, kviler halvbroren hans, Harald Hardråde, under asfalten i Klostergata. Mest sannsynleg. Frakta tilbake i tørka tilstand og gravlagd i det som ein gong var Elgeseter kloster. I dag er det omtrent ikkje spor etter klosteret på Elgeseter. Ruinane var der fram til 1700-talet. Nokre av husa langs Klostergata er truleg bygd på grunnmurane til det gamle klosteret. Lite å sjå, men mykje å tenkja på!

Frityrgryte med frynsete rykte

På rettsmuseet i Trondheim står ei brunbrent forkulla frityrgryte til skrekk og åtvaring. Gryta, som tok knekken på eit heilt historisk kvartal, er sjølv blitt ein attraksjon.

Den 7.desember 2002 klokka 10.35 stod plutseleg meterhøge flammar opp frå ei frityrgryte inne på kjøkkenet til restauranten News i Trondheim sentrum. Den vegetabilske olja hadde nådd den temperaturen der ho sjølvantenner, altså 370 grader celsius. Eit momentant sløkkeforsøk med pulverapparat såg nokre sekundar ut til å gjera susen, men den vegetabilske olja var så varm at ho tente på nytt og no slo flammane opp i ventilasjonshetta over gryta. Derifrå spreidde brannen seg til ventilasjonsrommet, eit påbygg på kjøkkentaket og vidare til 2.etasje og loftet og dermed var storbrannen eit faktum. Og det gjekk fort! Brannvesenet rykka ut ti minuttar etter brannen starta. Likevel låg fire historiske og verneverdige trebygningar frå 1800-talet i ruin før brannvesenet var i nærleiken av kontroll over flammane.

Laurdag føremiddag, midt i Midtbyen og midt i julehandelen stod måpande trønderar og såg sine kjære låge trehus bli mat for flammar. Dei trudde ikkje sine eigne auge. Kunne det gå så fort? Hus med 150 år på baken, skulle det ikkje meir enn eit vegetabilsk oljepuff til? Var ikkje dette ein vel høg pris for noko såpass ordinært som pommes frites til biffsnadderen?

Ei gryte å sjå, til skrekk og åtvaring der altså.

Basse

Fascinerande og teknisk «ballspel» spør du meg. Med ein liten ball av sykkelslangebitar, gjeld det å ha kontroll både på teknikken og taktikken. Blir det spelt framleis? Vonar det. For det er knallskøy å spela. og ein attraksjon å sjå på.

Basse. Foto: Mari Vold

Staven som IKKJE knakk! På Hølonda skimuseum

Sjå den nest mest berømte skistaven til Oddvar Brå.

Den skistavstaven som gjorde jobben og ikkje knakk under VM-82. Utstilt utan så mykje vesen i ein monter som ein del av utstillinga om Oddvar Brå på Hølonda skimuseum. Me hadde med oss Oddvar Brå dit. Han gjekk god for staven, og måtte medgi at det var denne staven som burde få fokus, sidan den trass alt ikkje knakk saman under russisk press, men tok mannen og Noreg fram til gull!

Dette er staven som ikke brakk da Oddvar Brå sørget for norsk stafettgull under VM i Oslo 1982. Foto: NRK