– Smitten har høgst sannsynleg komme frå sjøfugl, seier forskar Christian Lydersen ved Norsk Polarinstitutt til Svalbardposten.

Lydersen og kollega Kit Kovacs er overraska over funnet og seier denne dødsårsaka hos kvalross ikkje tidlegare er kjend.

– Vi kan ikkje utelukke at smitten kan spreie seg frå kvalross til menneske, derfor ber vi alle melde frå om funn av død kvalross og vere forsiktige. Smitten blir overført via dropar og nærkontakt, seier dei til avisa.

Lydersen seier at det er sannsynleg at også isbjørn kan bli smitta av viruset og at det vart påvist i Alaska for ikkje lenge sidan.

Tidlegare har forskarar påvist at fugleinfluensa har teke livet av tusenvis av selar og sjøløver i ulike delar av verda, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Eit utbrot av fugleinfluensaviruset H5N1 byrja i 2020 og har kosta titals millionar tam- og villfugl livet.

(©NPK)