Ein dag stod det ein blå og kvit flyttebil utanfor presteboligen. Eg og Per låg og skjulte oss i grashaugen der presten brukte tømme trillebåra etter å ha klipt plenen. Vi hadde sprettert i handa og lommene fulle av kramper, og vi hadde planar om å skyte på flyttearbeidarane og springe som berre fan etterpå. Dei svære kakene med brunt samanpressa gras gynga svakt når vi rørte på oss, og det seiv opp ein varm os som stinka så jævleg at eg måtte halde for nasen. Vi låg heilt stille og berre stira. Flyttefolka pusta tungt og sveitta så dei var blanke og glinsande i ansiktet, og den eine hadde tatt av seg skjorta og gjekk i bar overkropp. Han hadde tatovering av eit anker på den eine underarma og ein hårete mage som vrikka seg over buksekanten og dissa tungt og stramt når han gjekk.

- Fy fan! sa han, og så tok han av seg hanskene, greip ei flaske langpils som sto oppe på søppelkassa ved stakittgjerdet og gurgla i seg resten i ein einaste lang slurk. Synest ikkje du det er varmt? sa han og såg opp på den bleike, raudhåra fyren som sto inne i lasterommet på bilen. Raudhåringen svarte ikkje. Han såg sliten ut. Ein stor og mørk, hjerteforma sveitteflekk hadde avteikna seg både framom og bak på den kvite t-skjorta, og no stoppa han opp, tok tak i kanten på skjorta, reiv henne laus ifrå kroppen og rista litt så det skulle komme luft innunder. Sola har nesten gått ned, og fortsatt er det så varmt som dette, stønna feiten.

Raudhåringen snudde seg berre rundt, greip tak i armlenet på ein sofa og drog han heilt ut til kanten, og så gjekk han bak i bilen på nytt. Det er nesten ikkje til å halde ut, mumla feiten, og så sette han ifrå seg den tomme ølflaska oppe på eit lite bord som sto i oppkjørsla. Raudhåringen løfta eit samanrulla golvteppe ned frå stabelen med esker. Skulle fanmeg tru det var midt på dagen, så varmt er det, sa feiten.

- Jada, jada, sa raudhåringen surt.

- He?

Raudhåringen sleppte golvteppet opp i sofaen, og så bøygde han seg ned, tok ein ny langpils opp av ølkassen og gav til feiten.

- Du treng ikkje unnskylde deg, sa han.

- Fan er det du meiner med det? sa feiten, og plutseleg hørtest han sint ut.

- Æh, spar meg, sa raudhåringen, han bles fram eit huff. I går var det fordi du hadde ete spekesild. Lurer på kva det blir i morgon.

- Kva i fan er det du insinuerer?

- Kutt ut, seier eg! Opne flaska og drikk, og så fortsett du å arbeide. Eg er sliten, og vil gjere meg ferdig her no.

Feiten sto og såg på raudhåringen i eit lite sekund.

- Kven i helvete trur du at du er? sa han plutseleg høgt.

Raudhåringen sukka og rista på hovudet.

- He? Kven i svarte helvete trur du at du er? fortsette feiten.

- Ver så snill. Eg orkar ikkje kjekle med deg. Drikk så mykje du vil, berre du gjer jobben din.

- Berre eg gjer jobben min? Feiten vart ståande og stire på raudhåringen med halvopen munn. Berre eg gjer jobben min? gjentok han. Påstår du at eg ikkje gjer jobben min óg no? Først insinuerer du at eg drikk for mykje, og så påstår du at eg ikkje gjer jobben min. Du har fan ikkje jobba her i eit år enno, og så står du her og snakkar til meg som om eg var ein jævla forbanna visargut.

- Spar meg! sa raudhåringen.

Feiten tvinga fram ein rasande latter.

- Du er fan ikkje snau! sa han.

Raudhåringen sette hendene oppe på hoftene, såg ned i lasteplanet og rista på hovudet.

- Eg har ikkje sagt at du ikkje gjer jo...

- Eg skal seie deg ein ting, ditt nepskrell! braut feiten av, han sette den uopna ølflaska hardt ned på bordet ved sida av den tomme, og så tok han eit skritt nærmare bilen. Eg skal seie deg ein ting, gjentok han og peika opp på raudhåringen. Eg skal seie deg det, at du og dei jævla hyssingarmene dine løftar fan ikkje halvparten av det eg løftar i løpet av ein dag. Er du klar over det? He?

Raudhåringen trekte pusten og skulle til å seie noko, men så kosta han handa imot feiten, og huffa seg. Feiten fukta leppene og såg berre meir og meir sint ut.

- Ikkje halvparten ein gong, sa han.

- Jada, jada, sa raudhåringen. Eg er både lat og veik.

- Ja, det kan du ta deg fan på at du er.

- Mm, sa raudhåringen, og så sperra han opp auga og smilte påtatt hyggeleg mot feiten. Men kanskje vi skal fortsette å arbeide no?

Feiten sto og berre såg på raudhåringen i eit par sekund, og så sendte han eit fnys ut av nasen, løfta opp ei eske med bøker og begynte å gå oppover mot huset. Men plutseleg stoppa han opp og kom tilbake igjen.

- Korleis var dattera til han Arthur, forresten? sa han, han flirte stygt.

Raudhåringen såg litt forvirra ut med det same.

- Jada, sa feiten og nikka triumferande. Jada, eg såg dykk.

Raudhåringen sa ikkje noko.

- Fy fan! flirte feiten. Ikkje nok med at du puler jentungar, men du forsyner deg fanmeg av dattera til sjefen óg. Det er som eg seier, du er fan ikkje snau.

Raudhåringen var stiv i ansiktet, han stira rett inn i auga på feiten.

- Næmen, kva er det med deg? flirte feiten. Har du fått i deg noko du ikkje tolte?

- Du bør passe deg, sa raudhåringen kaldt og lågt.

- Bør eg passe meg? sa feiten. Han stira på raudhåringen eit lite sekund, og så sette han frå seg eska med bøker og kjørte peikefingeren inn i si eiga brystkasse. Er det eg som bør passe meg? Eg? Eg skal seie deg dét, at om han Arthur får nyss i dette, så ligg du jææævla dårleg an, er du klar over det? Ikkje berre åker du rett i buret igjen, men du får med han Arthur og kompisane hans å gjere óg. Og det er enda verre, skal eg seie deg. Du kjenner ikkje han Arthur, du, men det gjer eg. Eg veit kva han er i stand til å gjere.

Raudhåringen heldt blikket hans utan å seie noko.

- Og så seier du at eg må passe meg, sa feiten enda ein gong.

- Ja, sa raudhåringen, og så venta han litt. Eg veit ikkje om du hugsar noko frå fredagsnatta, sa han. Men ringar det ei bjelle eller to om eg seier at det ligg ein Audi på botnen av fjorden, og at både politi og forsikringsselskap tar feil når dei trur han vart stolen.

Det vart stille i ei lita stund.

- Nei, sjå der. Kven er det som er nervøs no? flirte raudhåringen, han sto lett framoverbøygd og stira på feiten. Det er dét eg seier, du drikk i overkant mykje, og du bør passe deg litt, sa han. Det er lett å bli litt for fortruleg i fylla, veit du. Det er fleire som har brent seg på det!

Dei stira rasande på kvarandre i eit par sekund, og så snudde raudhåringen seg og begynte å dra møbler ut mot kanten av lasterommet igjen. Feiten greip den uopna ølflaska, tok ein snusboks opp av baklomma og jekka henne opp med ein liten smell. Ei kvit skumsøyle voks opp av tuten og det rann litt øl nedetter flaska og ned på den store handa hans. Fan, mumla han og slurpa i seg det verste skummet samtidig som han rista på handa så ølet skvatt gjennom lufta.

- Unnskyld! var det plutseleg nokon som ropte frå verandaen.

Det var ho som hadde gifta seg med presten, og som seinare skulle vise seg å vere mora til Lars. Ho stod med armane i kors og smilte litt veikt mens ho såg ned imot feiten.

- Eg lurte på om de kunne vere så snill og ikkje drikke øl mens de arbeider her. Det er barn i huset, skjønner de, sa ho, og så løfta ho eine handa og peikte opp mot eit opent vindauge i andreetasjen. Der stod det ein lang, mager gut, omtrent på min alder. Han stod heilt stille og med armane hengande rett ned og han stira alvorleg ned på gardsplassen der flyttearbeidarane stod. Vi visste det ikkje enno, men dette var Lars.

Feiten tok flaska ut av munnen og vart ståande og halde henne stivt framfor seg. Han kasta eit forundra blikk bort på raudhåringen, og raudhåringen såg like forundra tilbake på han. Og så snudde begge to seg og såg opp mot mora til Lars. Det gjekk eit par sekund utan at nokon av dei sa noko, og så såg raudhåringen og feiten på kvarandre igjen. Raudhåringen fnyste fram eit flir, og feiten humra og rista på hovudet, for deretter å sette flaska til munnen, bikke hovudet bakover og gurgle i seg ein lang slurk mens Lars og mora hans såg på. Æhh, sa han, og så sette han frå seg flaska nede på bakken, drog handbaken over munnen og gjekk roleg bort til bilen og begynte å ta unna det som hadde samla seg opp ute på kanten. Mora til Lars stod og såg litt trist på han i nokre sekund, og så snudde ho seg berre og gjekk inn i huset igjen.

- De skjønner, det er barn i huset, sa raudhåringen, og herma etter henne mens han lagde grimasar.

Feiten flirte.

- Kven i fan trur ho at ho er? sa raudhåringen, og så vrengte han skjorta over hovudet og kasta henne frå seg nede på graset. He? sa han. Og kven i fan trur ho at vi er? Trur ho at vi snakkar og oppfører oss annleis enn vi bruker å gjere, berre fordi det bur ein jævla prest her?

- Slike som ho der har aldri vore sveitt i heile sitt liv, veit du, sa feiten. Dei har ikkje løfta tyngre enn si eiga lommebok, og sjølv om ho sikkert er tung nok, så blir det ikkje riktig det same. Dei skjønner ikkje at ein blir tørst av fysisk arbeid.

- Gi meg ein liten halvtime så skal eg da alltids få henne sveitt, sa raudhåringen, og tok seg i skrittet.

Feiten lo ein grov latter.

- Det er sikkert det ho treng óg, fortsette raudhåringen.

- Ja, kanskje det, lo feiten.

- Ja, for fan! Trur du ikkje eg kjenner sorten, he? Kvinnfolk som er gift med slike mannslingar som får dårleg samvit kvar gong snabben reiser seg mellom hofteskålene, trur du ikkje eg har møtt slike før? Det dei treng og saknar er å bli pult av ein mann med meir tyngde i ræva enn i cv-bunken, men det har dei ikkje lov til å innrømme verken overfor seg sjølv eller andre. Dei er programforplikta til å seie at dei vil ha slike milde, mjuke menn som deler ut klemmar i tide og utide, som seier huff i staden for fan, og som synest det er veldig viktig å snakke ut om ting. Og da er det klart dei blir frustrerte og mannevonde, det er klart dei blir bitre og triste, og det er klart at dei begynner å hate alt og alle som kan minne om ordentlege mannfolk.

Feiten stod med hendene på hoftene og lo så flesket rista.

- Slik er det med prestefruer og andre kristne kvinnfolk, og slik er det med raudstrømpar og feministar. Det er akkurat det same, det er ingenting dei ønsker seg meir enn ein skikkeleg mann, men det kan dei ikkje unne verken seg eller andre, og dermed begynner dei å hate menn og sex og alt slikt. Det er enkel psykologi, men det er sant!

Latteren til feiten gjekk over i ei lang hostekule.

- Ja, du får ta og fortelje henne kva det er ho saknar, du, sa han straks han hadde hosta ferdig, han kremta og tørka vekk lattertårene.

- Ja, eg burde kanskje gjere det, sa raudhåringen. Eg er ikkje kjend for å vere spesielt riddarleg av meg, men eg kunne vel gjere eit unnatak og tilby meg å redde henne.

Feiten begynte å le igjen.

- Faktisk er eg ikkje så framand for tanken, sa raudhåringen, han kika litt i veret mens han rynka på nasen og lét som om han vurderte saka. Feiten lo og rista på hovudet. Raudhåringen såg på feiten, og så folda han neven rundt taska og klemte til så det tøyt ut mellom fingrane.

- Du veit, eg har ein langtransport under levisen her og når eg kjenner etter, så er eg ikkje framand for å ta turen innom tunnellen til prestefrua, altså, sa han.

Latteren til feiten gjekk over i ei ny, skrallande hostekule.

- Hei, ropte raudhåringen plutseleg. Fru Forberg!

- Du...ikkje gjer det, sa feiten. Han såg på raudhåringen og rista på hovudet, men det sat ein stygg flir i det kjøttfulle fjeset, og han viste tydeleg for raudhåringen at han ville at han skulle fortsette.

- Fru Forberg! ropte raudhåringen igjen, han stira imot den opne altandøra.

- Du! For fan, flirte feiten. La no kvinnfolket vere da!

Men raudhåringen gav seg ikkje.

- Fru Forberg! ropte han igjen.

Og så kom mora til Lars. Ho vart ståande i døropninga og sjå på raudhåringen litt, og så gjekk ho ned den vesle trappa og ut på altanen.

- Ja, sa ho.

- Eg lurte berre på om det er lenge til presten kjem heim?

Ho venta litt før ho svarte.

- Kvifor spør du om det?

- Nei...sa raudhåringen og trekte på skuldrene. Du veit... det er mange menn som ikkje er glade for at frua er heime aleine når det er arbeidsfolk i huset, så vi snakka om det at vi kunne no i alle fall ta på oss på overkroppen til han kom heim. For di skuld, meiner eg. Så det ikkje blir noko oppgjer på kammerset etterpå.

Det kom eit latterhikst ifrå feiten, han løfta handa, heldt seg for munnen og vart ståande og stire ned i grusen mens han rista av latter.

- Ja, vi seier det av erfaring, fortsette raudhåringen. Det finst mange sjalu ektemenn rundt omkring, så...ja. Og det skjønner vi jo for så vidt godt óg. Du veit, det er ikkje så reint få kvinnfolk som sitt heime aleine og er frustrerte og det er klart det at når det kjem ein arbeidskar eller to til huset, så, ja...det kan jo skje ting.

Raudhåringen heldt blikket til mora til Lars, og smilte liksom heilt uskuldig.

- Kan de ikkje vere så snill å fortsette og arbeide? sa mora til Lars trist.

- Jo, sa raudhåringen kvikt. Så klart. Det skal vi gjere. Vi tenkte kanskje det var tid for å bere inn senga no.

Feiten knekte på midten med det same, han slo ei hand ned i kvar kneskål og vart ståande og gapskratte.

- Om det er greitt for deg, altså, sa raudhåringen, han såg opp på mora til Lars med det same uskuldige blikket. Ho sa ikkje noko, ho stod ei lita stund og såg trist og sliten ut, og så snudde ho og gjekk inn i huset igjen. Lars stod fortsatt som eit spøkelse oppe i det mørke vindauget. Stiv og stirande og med armane hengande rett ned. Eg og Per vart liggjande ei lita stund til, og så lét vi oss sige ned ifrå den varme, stinkande grashaugen, utan å ha avfyrt ei einaste krampe. Ikkje veit eg, men no i dag trur eg at det var denne hendinga som gjorde at ting gjekk slik som dei gjekk. To idiotar av nokre flyttearbeidarar begynte tilfeldigvis å krangle, begge to vart redde da dei fann ut at den andre visste ting han ikkje burde vete, og slik oppsto det ein situasjon der dei hadde behov for å lage seg ein felles fiende i mora til Lars. Eg skjønner jo at dei to typane der oppførte seg som idiotar no i dag så klart, men den gongen syntest eg dei var jævla tøffe. Og ikkje det at eg skal begynne å leike psykolog her, men det er lett å tenke seg at vi såg på Lars og mora hans som naturlege og fullt ut lovlege offer frå første stund av, nettopp fordi dei vart hersa med av to fyrar som vi såg opp til og syntest var tøffe. Men eg veit som sagt ikkje. Spør du Per eller Lars eller mora til Lars eller kven fan som helst, vil du sikkert få heilt andre svar enn du får av meg. Men det som skjedde, det skjedde, og det er lite å gjere med no.