Minneord Olav Mogstad

Olav Mogstad, fødd i Surnadal 14.oktober 1930, døydde 19.mai. Han melde seg inn i Bondeungdomslaget i Nidaros i 1951. Han var interessert i musikk og dans, og fann gjennom det også eit sosialt nettverk der. Han var aktiv både som instruktør og tillitsvald. Første vervet var som leiar av spelemannslaget i 1955. Sidan har det godt slag i slag med verv både i lokallaget, fylkeslaget og på sentralt hald. Han var og aktiv i forretningsdrifta vår. Når han gjekk ut av rådet i BUL for siste gong i 2007, hadde han hatt verv i alle ledd i organisasjonen nesten samanhengande i 52 år.