Minneord Egil Hyldmo

Saken oppdateres.

Egil Hyldmo, Trondheim, døde 17. mars, 76 år gammel.

Han studerte først teologi, og gjekk seinare over til journalistikk. Han skreiv m. a. for VG, før han i 1972 vart tilsett i Noregs ungdomslag. Fem år etter var han redaktør i Stjørdalingen.

I 1982 starta han avis for Ytre Namdal. Denne fekk det dekkande namnet Ytringen. Den vart fort eit livskraftig organ for dette distriktet nord i Trøndelag.

Egil Hyldmo vart med i Landslaget for lokalaviser (LLA), og var både formann og ei tid landssekretær. Han gjorde her ein viktig innsats som m. a. førte til at også aviser som kom ut ein gong i veka fekk pressestøtte. I 1991 fekk han LLAs ærespris.

På 1990-talet selde han Ytringen og flytta til Trondheim og fekk meir tid til litterært arbeid. Først kom han med ei faktabok om bjørnen, som han fekk bibliotekar-pris for, og heldt fram med bøker om andre dyr. Så skreiv han om trønderske olympiarar, bacalao, romfolket, Serbia og Montenegro og ei krim-bok. Han femna vidt, til saman vart det 13 bøker.

Eg vart kjent med Egil da han var redaktør i Stjørdalingen, og fekk med han å gjera som kollega og gjennom LLA. Han vart ein god venn. Egil hadde hytte i Namdalen og var ein ivrig friluftsmann. Kvar haust kom han til oss med eit spann molter sanka på myrene i Grong.

Eg ser tilbake på trivelege år i LLA og spenninga vi delte med han når nye bøker skulle koma, og på den gleda og den munterheta det var når ting gjekk bra.

Egil Hyldmo vart bisett 28. mars. På grunn av stoda no var berre familie med. Det var stjørdalingen Mona Grudt som forretta under minnehøgtida, og ho tegna eit fint bilde av Egil og hans virke, og skapte høgtid over stunda da han vart takka av.

Det er med vemod eg tenkjer på at Egil no er borte, og er takksam for det han bidrog med av kunnskap og enga­sjement.

Åsmund Snøfugl


Minneord i Adresseavisen

Adresseavisen publiserer innsendte minneord i papiravisen og digitalt. Les flere minneord her.

Vi tar gjerne imot innsendte minneord. Teksten bør ikke være mer enn 1800 tegn med mellomrom, og minneordet bør sendes inn senest én måned etter dødsfallet. Vi tar også imot bilder. Send det til folk@adresseavisen.no

Minneordene skal skrives i omtaleform og bør inneholde dato for dødsfallet og alder på avdøde.

Minneordet publiseres på adressa.no fortløpende og i papiravisen ved første anledning.

 
På forsiden nå