Peter Paul Roy Beak gjekk ut døra frå asylmottaket i Øvre Årdal.

Det var kaldt i lufta, og mørket var på veg.

30-åringen gjekk den korte vegen mot rutebilstasjonen. Han tok fram mobilen og ringde eit sveitsisk nummer. Nummeret tilhøyrde bestekameraten. Han hadde ringt det fleire gonger tidlegare på dag.

Dei snakka saman i ti minutt. Så braut samtala. Beak var framme ved busstasjonen.

Bestekameraten prøvde gjentatte gongar å få tak i Beak igjen. Han forstod at noko var gale.

Kameraten fekk aldri svar. Peter Beak hadde gått om bord på Valdresekspressen.

John Koang: 38-åringen var ein av dei som stod Peter Beak aller nærast. Saman, flykta dei frå land til land i fleire år.

Kvelden 4. november 2013 drap Beak tre personar.

Korleis enda ein asylsøkjar frå Sør-Sudan opp med å drepe dei uskuldige folka på ein buss i Årdal?

Spørsmålet står framleis ubesvart. Drapsmannen forklara aldri kvifor til politiet.

Vi har fått tilgang til etterforskingsdokumenta i saka. I sju permar ligg informasjon om drapsmannen som aldri nådde offentlegheita. Beak møtte aldri i retten.

Vi har lese heile etterforskinga til politiet. Ein av personane som dukka opp, var Peter Beaks besteven.

Dette er hans historie om Beak si reise frå Sør-Sudan, og korleis bestevenen enda opp som drapsmann i Norge. BT har ikkje kunne ettergå alle opplysingar om tilhøva i Sør-Sudan og flukta til Norge.

- Nytt liv: Etter mange år på flukt, har John Koang har fått opphaldsløyve i Sveits. Han har busett seg i Basel, nordvest i landet.

John Koang (38) sit på ein kafé i byen Basel i Sveits. Det var her han sat då han fekk vite om drapet på Valdresekspressen.

- Eg tenkjer mykje på han. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Det er vanskeleg.

Koang skal fortelje om korleis han og Peter Beak flykta inn - og ut - av sju land på ti år. Over 10 000 kilometer, på lovleg og ulovleg vis.

Han skal fortelje om korleis to bestevener med ein nær identisk start på livet, enda opp på så totalt forskjellige plassar: Den eine med fast jobb på eit luksushotell i Sveits. Den andre som trippeldrapsmann i Norge.

- Det er kanskje rart å kalle ein drapsmann bestevenen sin. Men det var aldri noko som tyda på at han skulle drepe nokon. Ikkje før på slutten, i alle fall.

Koang visste at bestevenen hadde problem. Men han såg ikkje i sin villaste fantasi føre seg kva som skulle skje.

– Ufatteleg: Koang har framleis store vanskar med å forstå korleis bestevenen kunne drepe tre personar.

John Koang og Peter Beak møtte kvarandre for første gong i Israel i 2006. Begge to hadde kome til landet som flyktningar frå Sør-Sudan. Dei hadde vakse opp ikkje så langt frå kvarandre i regionen Mayom, rett ved det som skulle bli grensa mellom Sør-Sudan og Sudan.

Regionen blei hardt råka då det braut ut borgarkrig i Sudan i 1983. Opprørsgrupper hadde kontroll over regionen, og regjeringssoldatar sette fleire gonger fyr på landsbyar. Sivile blei drepne. Barn blei rekrutterte som soldatar.

Både Beak og Koang hadde sloppe unna soldatane. Begge blei vitne til familiemedlemmar som blei skadde eller drepne, ifølgje Koang.

Som flyktningar i Israel jobba dei på kvar sitt hotell nær Dødehavet. Koang som reinhaldar, Beak som pikkolo.

Flykta frå Sør-Sudan: Beak og Koang vaks opp i regionen Mayom i Sør-Sudan. Regionen blei hardt råka då det braut ut borgarkrig i landet i 1983.

Dei blei raskt gode vener. Allereie ved første møte hos felles kjende gjekk praten i eitt. Dei snakka om krigen i heimlandet og saknet etter familien. Begge ville tilbake til Sør-Sudan så snart krigen var over.

Koang likte den stille, litt sjenerte mannen. Beak var interessert i historie og geografi, og fortalde ofte om gamle krigar og land han ville sjå.

Når dei ikkje jobba, var dei for det meste på besøk hos kvarandre.

Beak ville helst sjå gamle filmar. «Mr. Bean» var favoritten.

- Han kunne sjå den same «Mr. Bean»-filmen om igjen og om igjen i fleire timar. Eg hugsar ein gong vi såg den same filmen frå ettermiddagen til klokka to på natta, seier Koang.

Koang kjende ansvar for kameraten. Beak hadde store problem med helsa, ifølgje han sjølv. Han klaga ofte over at han hadde vondt i nyrene og hovudet. Av og til fortalde han om stemmer i hovudet.

Peter Beak: Dei seks stripene i panna tyder på at Beak høyrde til Nuer-stammen i Sør-Sudan.

Ingen av dei ønska å leve livet slik dei gjorde i Israel. Arbeidsforholda var dårlege, og dei jobba ofte opp mot 15 timar i døgnet. Fri hadde dei sjeldan.

Dei ville vekk.

Beak meinte han ikkje fekk den helsehjelpa han trong i landet. Fleire gav råd om at Egypt kunne gi hjelpa han behøvde.

Det var Koang som tok initiativet til å kome seg vekk.

- Ein dag spurte eg om han ville vere med å flykte til Egypt, seier Koang.

Beak nølte. Han var redd.

Du må bestemme deg innan tre dagar. Sjåføren må ha svar raskt, hadde Koang sagt.

Tok ansvar: Det var John Koang som tok ansvar for at dei to kom seg vidare medan dei var på flukt.

Klokka 22, 4. desember 2010, blei dei plukka opp av ein israelar med landcruisar. Alt dei to eigde, hadde dei i kvar sin ryggsekk.

På førehand hadde sjåføren fått 4000 dollar. Det var det dei hadde lagt seg opp dei siste åra.

Ei stund før dei kom fram til grensa mellom Israel og Egypt, stoppa sjåføren bilen.

Han peika på bagasjerommet.

- «Inn der», sa han, fortel Koang.

Koang og Beak hadde fått klare instruksar om kva dei skulle gjere då bilen stoppa ved grensa. Dei måtte vente fem minutt, så leggje på sprang.

Hjartet til Koang hamra vilt då bilen stoppa. Etter berre sekund høyrde dei skot. Bagasjerommet blei opna. Sjåføren skreik at dei måtte springe.

Det var mørkt, og dei hadde store vanskar med å orientere seg.

Det dei rekna for å vere grensevakter, skaut mot dei frå fjellsida.

- Vi måtte leggje oss ned for å søke dekning mange gonger. Vi reiste oss igjen og igjen og sprang mot fjellet, seier Koang.

Etter fleire dagar på flukt, kom dei fram til byen Ain Shams, nær Kairo.

Huset til menneskesmuglaren var skitent og overfylt av folk. Koang og Beak budde på eit lite rom i første etasje. Det var ingen møblar, berre to madrassar på golvet. I same etasje budde andre flyktningar og barnefamiliar. I dei andre etasjane budde prostituerte og narkomane.

Det var ikkje ein god stad å vere, men ein billig plass å bu. Beak og Koang tok til takke med det meste for å sleppe å bu på gata.

Ingen av dei hadde jobb. For det meste sat dei inne. Beak ville anten sjå tv-seriar eller historiske dokumentarar. Koang brydde seg ikkje. Han ville helst at dei skulle finne seg jobb, men det var vanskeleg.

Det neste året forsøkte Koang å få Beak til å oppsøkje helsehjelp, det var trass alt den eigentlege årsaka til at dei drog til Egypt. Men Beak hadde ombestemt seg.

Han ville ikkje lenger på sjukehus. Han var redd legane skulle stele nyrene hans. Han hadde høyrt om mange det hadde skjedd med, og syntest risikoen var for stor.

Han måtte ha hjelp ein annan plass, meinte han.

Utan jobb, helsehjelp og pengar, orka dei ikkje å vere i Egypt lenger. Dessutan hadde dei ikkje lov å vere i landet. Dei bestemte seg for å reise vidare.

På reise: Koang (til venstre) seier dei to venene fekk seg fleire vener på reise gjennom Europa.

12. februar 2012 sette dei seg på flyet til Madrid. Menneskesmuglaren som styrte huset dei hadde budd i, jobba på flyplassen, og fekk dei ut av Egypt. Utreisa gjekk fint, men klokka sju neste morgon stod politiet på flyplassen i Madrid klare.

- Israel ville ikkje ha oss. Egypt ville ikkje ha oss. No ville ikkje Spania ha oss heller, seier Koang.

På flyplassen måtte dei svare på mange spørsmål. Kvifor var dei her? Kva skulle dei i Spania? Kva flykta dei frå? Kor var familien deira?

Til slutt blei dei frakta til Røde Kors i nærleiken av flyplassen. Der blei dei verande ei veke før dei blei køyrd til eit hotell, betalt i ein månad av hjelpeorganisasjonen. I slutten av mars måtte dei ut av hotellet.

Dei hadde kome til Spania på verst tenkjeleg tidspunkt. Landet var i økonomisk krise. Arbeidsløysa var rekordhøg. Over halvparten av alle unge under 25 var utan jobb.

For flyktningar var situasjonen nær uuthaldeleg, ifølgje Koang. Han og Beak hadde berre gata å bu på.

- Kvar dag ropte folk stygge ting til oss. At vi var fattige og ikkje høyrde heime der. Dei kjefta på oss for at vi ikkje kunne spansk, og bad oss reise ein annan plass.

- Peter klaga konstant over helsa. Nyrene var det verste, seier Koang.

På eit tidspunkt hadde han blitt behandla ved eit sjukehus for kjønnssjukdommar, men dette var noko anna, hevda Beak. Han hadde vondt i kroppen, det verka i nyrene. Stemmene i

hovudet kom og gjekk.

- Livet var grufullt. Det var umogeleg å få seg jobb. Det var mykje rasisme. Peter hata verkeleg Spania, seier Koang.

Beak og Koang bestemte seg for å reise vidare til Sveits, men var pengelense. Dei greidde å overtale ein kjenning til å låne dei litt pengar. Dei dekka berre reisa for ein.

- Eg gav pengane til Peter og sa at han kunne reise først. Så skulle eg kome etter.

Koang var som regel den som tok ansvar for at dei to fekk nok mat og ein stad å sove, men Beak gjekk med på å reise åleine. Han hadde greidd seg åleine før.

Han var ikkje meir enn fem år då faren blei slått i hel, skulda for å vere regjeringssoldat. Få år seinare døydde mora av sjukdom. Beak og dei fire syskena måtte greie seg sjølve.

Reiserute: Kartet viser kor Beak og Koang reiste saman.

For første gong på fleire år var dei to venene splitta. Beak i Sveits, Koang i Spania.

- Eg blei lei meg. Vi hadde reist saman så lenge. No var vi ikkje saman lenger, fortel Koang.

Berre ei veke etter var også Koang på plass i Sveits. Han hadde gleda seg til å sjå kameraten igjen, men greidde ikkje å få tak i Beak.

Først to veker seinare fekk Koang ein telefon.

Beak hadde vore på eit asylmottak i Sion i Sveits då han fekk verst tenkjeleg beskjed frå myndigheitene: Han blei sendt tilbake til Spania.

- Det var ekstremt vanskeleg for han. Han hadde ingen vener, ingen pengar, og ingen plass å bu.

Koang blei verande i Sveits, men hadde dårleg samvit for bestekameraten. Alt han hadde, 80 euro, sende han til Beak i Spania.

- Eg snakka mykje med han på telefon. Han var ulukkeleg. Han budde på gata, og klaga mykje over helsa.

Korleis Beak deretter greidde å kome seg vekk frå Spania, er Koang usikker på. Etter ein månad i landet, ved årsskiftet til 2013, flykta han nok ein gong. Denne gongen til Stockholm.

1. januar sende Beak ei tekstmelding frå Sverige til nokre venninner i Sveits. Han skreiv at han sakna dei, og at han hadde hatt det vanskeleg i Spania, men at det gjekk bra no.

Ifølgje Koang var Beak glad for å vere i Sverige, men han var sliten. Lei av å vere på flukt. Han ville ha ein plass han kjende seg heime.

Opphaldet i Sverige blei kort.

Nok ein gong fekk han beskjed frå styresmaktene om å reise frå landet. Han måtte tilbake til Spania.

- Det var heilt uaktuelt for Peter. Han skulle aldri tilbake dit.

Beak sat seg på ein buss frå Stockholm til Oslo i april 2013.

Klokka 22.54, med litt bagasje og ID-papir, troppa han opp på operativt avsnitt hos oslopolitiet.

Dagen etter søkte han asyl i Norge.

Under asylintervjuet fortalde han om psykiske problem og smerter i kroppen. At han ikkje hadde familie i Europa, og at syskena framleis var i Sør-Sudan.

Beak var ein såkalla «dublinar». Sjansane for å nokon gong få opphald i Norge var difor minimale.

Det omstridde Dublin-regelverket går ut på at det første europeiske landet som tek i mot ein asylsøkjarar, også skal behandle asylsøknaden. Det mest vanlege for asylsøkjarar som drar vidare i Europa, er at dei blir buande i transittmottak fram til dei blir sende tilbake til det første landet.

Men denne sommaren kom det særs mange asylsøkjarar til Norge. Difor blei fleire dublinarar, deriblant Beak, sende til eit ordinært asylmottak.

Beak enda i det nyoppretta asylmottaket i Årdal i Sogn og Fjordane.

Enda i Årdal: Etter å ha vore på flukt i mange år, enda Peter Beak opp på eit nyoppretta asylmottak i Årdal i Sogn og Fjordane.

Industribygda ligg inst i Sognefjorden. Om lag 5000 innbyggjarar er busette i den vesle kommunen.

Då det blei snakk om å etablere eit nytt asylmottak i kommunen, sa politikarane nei. Årdal var ikkje rusta for å ta i mot så mange på ein gong, meinte dei. Men behovet for nye mottak var akutt. På ein månad kom 151 asylsøkjarar til bygda.

Beak likte å vere der, men var redd for dei høge fjella. Han sa ofte at han var redd dei skulle ramle ned og treffe han i hovudet. På mottaket hadde han få vener. Når dei andre asylsøkjarane samla seg for å spele fotball, sat Beak helst inne og såg på fjernsyn.

Frå Årdal ringde han kameraten sin i Sveits for første gong på lenge. Han fortalde om fjella han frykta skulle falle ned, og om reisa gjennom Europa.

- Han var glad for å vere i Norge, men sa at han ikkje fekk hjelp for helsa. Han klaga framleis, og sa at norske sjukehus ikkje ville hjelpe han, seier Koang.

Seinsommaren brast nok ein gong håpet om opphald. Beak fekk avslag på sin norske asylsøknad.

No visste han at han skulle bli sendt ut av landet. Men ikkje når det skulle skje.

Budde her: Den siste tida budde Beak i ein bustad i Øvre Årdal som høyrde til asylmottaket i Årdal. Marita Aarekol (arkiv)

Morgonen 4. november blei den første personen som hadde fått avslag ved mottaket i Årdal, henta og sendt ut av landet.

At politiet hadde planlagd å hente Beak allereie morgonen etter, skal han ikkje ha visst.

Då Beak stod opp denne morgonen, var han som han pleidde, ifølgje dei andre han budde med. Han sat på rommet sitt, og var berre nokre turar i fellesstova og på kjøkkenet.

Klokka 13.41 ringde han bestevenen sin.

- Det første han sa var at han skulle bli sendt ut av Norge og at han måtte tilbake til Spania. Han var livredd, og sint på systemet. Han sa ingen ville ha han, seier Koang.

Den første samtalen varte berre i litt over eitt minutt. Så la Beak på.

Han fann fram ein kjøkkenkniv han la i bagasjen. Så henta han ein sleggjehammar, før han gjekk mot døra.

Med seg hadde han eit brev han hadde skrive.

«Eg har lidd i fem år», skreiv Beak.

Han meinte å ha fått ein injeksjon. Han meinte Israel drap «oss». Dei usamanhengande setningane, funne med blodspor rundt, fortel om frykta for å bli sendt tilbake.

«No er det min tur til å få hemn».

Brevet: Det handskrive brevet blei funnen på Peter Beak då han blei arrestert av politiet. I brevet, med blodspor, stod det mellom anna at han hadde lidd i fleire år.

Dei neste timane ringde Beak til John Koang sju gonger. Den siste gongen Beak ringde, var klokka 16.05. Då snakka dei to saman i ti minutt.

Koang oppfatta venen som hysterisk.

Igjen og igjen sa Peter Beak at han ikkje orka å leve.

- Han sa han heller ville døy enn å reise til Spania. Han var heilt desperat. Han sa at politiet kom til å hente han, at han ikkje visste kva han skulle gjere.

Koang forsøkte å roe ned kameraten, men Beak ville ikkje høyre. Til slutt la han på. Koang forsøkte å ringe kameraten igjen, men fekk ikkje svar.

Omtrent på same tid gjorde bussjåfør Arne Kvernhaug (55) Valdresekspressen klar for avreise på Årdalstangen, nokre kilometer unna. Berre ein passasjer gjekk om bord. 19 år gamle Margaret Molland Sanden hadde vore heime hos familien i Årdal på besøk, og skulle tilbake til hybelen og studentlivet i Oslo.

Klokka 16.55 svinga bussen inn ved rutebilstasjonen i Øvre Årdal. Her plukka Valdresekspressen opp to nye passasjerar. Den eine var 53 år gamle Brahim Khouya frå Sverige. Den andre var Peter Beak.

Kvernhaug køyrde ut frå stasjonen, og sette kursen mot Oslo.

Under ein halv time seinare bråstoppa bussen.

I kring seks minutt blei han ståande på riksveg 53, like ved Holsbruvatnet. Så trilla han fleire meter bakover.

Det var truleg i løpet av dei minutta at Beak drap alle om bord.

Trippeldrap: Tre personar blei brutalt drepne med kniv og sleggjehammar på Valdresekspressen i november 2013. Foto: NTB Scanpix (arkiv

Ved bussen rådde totalt kaos den neste timen. Klokka 17.21 varsla den første bilisten på staden 113. 19 minutt seinare ringde varslaren igjen. Bilisten snakka om ein knivdesperado og busskapring.

Frå utsida kunne vitna på staden sjå drapsmannen bevege seg fram og tilbake i bussen. I handa hadde han det som såg ut som ein kniv.

Dårleg dekning på staden gjorde varsling til naudsentralen vanskeleg. Politiet rykte ut, men tok ein omveg til staden. Dermed var det det lokale brannvesenet og helsepersonell som måtte få Beak ut av bussen.

Klokka 18.43 overmanna dei han og la han i bakken. Dei brukte idrettstape for å hindre han i å kome seg laus.

Like før klokka 19 blei han arrestert av politiet.

På same tid sat John Koang i Sveits og ana ingenting. Han hadde hatt ei uroleg kjensle heile dagen etter telefonsamtalane med Beak.

Det han skulle få vite dagen etter, var han likevel langt frå førebudd på.

Morgonen etter trippeldrapet på Valdresekspressen sat Koang seg ned på favorittkafeen i Basel sentrum.

Han opna avisa Sudan Tribune for å lese nyheiter frå heimlandet.

Spesiell kafé: BTs journalist møtte John Koang på kafeen han sat då han fekk vite at bestevenen var sikta for drap på tre personar.

«Sørsudanar har drepe tre personar i Norge», stod det.

Koang blei brått kvalm.

Mannen som var sikta, var namngjeven.

«31 år gamle Peter Beak, busett i Årdal.»

Koang måtte lese det som stod fleire gonger.

- Eg kunne nesten ikkje tru det. Var han desperat? Ja. Men drapsmann? Eg fekk sjokk.

Koang blei avhøyrt av norsk politi på telefon nokre månader etter drapet. Til politiet fortalde han at han hadde hatt mykje kontakt med Beak, men at han ikkje visste noko om at han hadde planlagd å drepe.

Fekk sjokk: Koang sat på kafé i Sveits då han las at Beak var sikta for drap på tre personar i Norge.

I tida etter trippeldrapet nekta Beak å forklare seg til politiet. I periodar var han innlagt på Sandviken sjukehus i Bergen og St. Olavs hospital i Trondheim. Til slutt blei han overført til Bergen fengsel i påvente av at saka skulle kome opp for retten.

I samtalar med sakkunnige sa han fleire gonger at han høyrde stemmer i hovudet. Beak forklara at stemmene snakka med kvarandre, men at han ikkje forstod kva dei sa.

Dei sakkunnige omtala han som tillitsfull og roleg. Til tider nesten apatisk. På spørsmål om kva som skjedde på Valdresekspressen, hadde Beak lite å seie.

Han nekta for å ha køyrd med buss den siste tida. Han sa han ikkje hadde sett nokon som var skada.

Berre ved eitt møte gjorde han noko som kunne indikere sorg eller anger. Beak blei spurd om han hadde tankar om kven som bestemte over liv og død, og om ulike menneske hadde ulik verdi. Beak svara ikkje, men blei blank i auga. Han svelga tungt fleire gonger.

Han klaga framleis over helsa. Ifølgje han sjølv var han påført HIV med ei sprøyte i Israel, fordi nokon ønskja å drepe han. Også i Norge skulda han helsevesenet for å prøve å forgifte han.

Etterforskinga viser ein mann som var mistruisk til dei fleste. Han opplevde stadig at folk var ute etter han.

Dei rettspsykiatriske sakkunnige var likevel samde i konklusjonen: Beak var ikkje psykotisk i tida rundt trippeldrapet. Dermed kunne Beak bli dømd til fengselsstraff.

Saka kom aldri for retten.

27. august 2014 var Beak i luftegarden i Bergen fengsel. Tre fengselsbetjentar og to psykologar var i lag med han.

Brått la Beak på sprang, før han klatra opp på fengselstaket. Han kasta seg ut frå taket med hovudet først.

Kort tid seinare døydde han av skadane.

Gravferd: Det var berre fagfolk og journalistar som var i gravferda til Peter Beak. Politiet lukkast aldri å få tak i familien hans i Sør-Sudan.

John Koang har budd i Sveits sidan han reiste dit med saman med Beak første gong. I vinter fekk han seg jobb på kjøkkenet på eit femstjerners hotell i Basel. Snart flyttar han inn i eigen bustad for første gong.

- Eg er lukkeleg. Eg kjem nok til å bli buande her, om eg ikkje reiser tilbake til Sør-Sudan. Det var det som eigentleg var planen.

Det går aldri ein dag utan at han tenkjer på dei siste telefonsamtalane med bestekameraten. Koang har framleis vanskar med å forstå kva som eigentleg skjedde.

På flukt: John Koang reiste saman med Beak i årevis. For den Koang slutta reisa med opphaldsløyve og jobb på eit luksushotell i Sveits.

- Eg trur han var livredd for Spania, at han gjorde det fordi han var desperat. Han ville heller døy enn å reise dit. Det er grufullt å tenkje på kva han gjorde.

Koang seier han ofte tenkjer på familiane til dei tre drepne. Han strevar med tankane på om det var noko han sjølv kunne ha sagt som hadde fått Beak på andre tankar.

- Men eg trur ikkje eg kunne ha stoppa han. Eg veit ikkje kva eg skulle ha gjort. Eg prøvde å seie at alt kom til å ordne seg. Han ville ikkje høyre.

ukeadressa@adresseavisen.no