- Vand med å vere snill gut i regjeringa

Oljeminister Tord Lien har gått ned tre kilo sidan det vart kjent at han feilinformerte statsministeren.

- Eg er glad både Erna Solberg og Siv Jensen har vore tydelege på at eg har deira tillit.   Foto: Jarle Aasland/Stavanger Aftenblad

- Det er ingen tvil om at det har vore tungt. Eg har gått ned tre kilo, så eg har lagt meg flatare enn eg trudde var mogleg, seier olje- og energiminister Tord Lien til Aftenbladet.