I går blei det klart at Elverum-spelar Marius Hagen går til Hødd på ei toårskontrakt, skriv Hødd i ei pressemelding. 25-åringen takka nei til å fortsette i Elverum, som gjekk ned til 2. divisjon. Midtbanespelaren har berre spelt i Elverum i ein sesong.
Gir seg etter 20 år i Hødd: – Rart at klubben ikkje vil strekkje seg litt
Hødd forlenga med sentrale spelarar
– Totalpakken eg fekk i Elverum var ikkje etter dei krava eg ønska. Eg har ikkje budd nærare heime sidan eg var 16 år, og det kjenner eg at eg har veldig lyst til, seier Hagen til Østlendingen.
25-åringen seier til avisa at han skal kombinere spel i Hødd med ein jobb.
– Marius er ein spelar med mykje erfaring frå 1. divisjon. Han er ein god fotballspelar som er tøff i stolen, god i lufta og kan spele i både den djupe rolla, men også i ei offensiv midtbanerolle, seier sportssjef André Nevstad i ei pressemelding.