Det melder klubben på sine heimesider.

Mensah har spelt kring 100 A-kampar for den danske superligaklubben Viborg, og har tidlegare landskampar for Danmark på U18— og U21-landslaga.

Han blir omtala som ein spelar som kan nyttast i fleire offensive posisjonar både sentralt og på sidene - samt som høgre back.

Mensah likte det han fekk sjå på prøvespel i Ulsteinvik tidleg i august.

— Eg har fått eit utruleg godt inntrykk av denne plassen, den fantastiske naturen og menneska i Hødd har teke i mot meg på ein imponerande måte. Eg ser veldig framt il å ta på meg Hødd-drakta, og vere med å bidra i ei viktig periode for klubben, seier spelaren i ein kommentar på heimesida.

Hødd-trenar Steinar Lein er nøgd med signeringa.

— Jeff har vist på trening at han har spanande kvaliteter som vi kan dra god nytte av i ein tøff sesonginnspurt. I tillegg er han ein utruleg blid og positiv person som vil kunne bidra positivt både på og utafor bana, seier Lein.