May Britt Helland klarte ikkje lenger å betale rekninga frå idrettslaget då dyrtida kom. Dei to siste åra har ho søkt om økonomisk støtte for at sonen skal kunne drive med idrett. Sjølv er ho frivillig i Brodd. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Stadig fleire treng økonomisk hjelp til idrettsdeltaking: – Ei aukande utfordring

I 2023 opplevde Idrettsrådet Stavanger ei drastisk auke. Aldri har fleire søkt om økonomisk støtte til idrettsdeltaking. For May Britt Helland gjorde dyrtida at ho ikkje lenger klarte å betale heile fakturaen frå idrettslaget.