Førstelektor Solveig Salthammer Kolaas skriv i eit innlegg frå 24. februar svært mykje om meistring og at det det er viktig å «... holde på med det vi mestrer».

For tida er meistring nærmast blitt eit mantra i debattar om norsk skule. For eit par tiår sidan var det lite brukt. Da var det heller snakk om å få til saker og ting, og det oppfattar eg som litt mindre ambisiøst. No er det i alle fall slik at elevane framleis går på skule for å lære noko dei ikkje kan frå før, og det kan jo vera litt strevsamt. Tillit, fokus og innsats er viktig i ein læreprosess. Dei unge må både akseptere og erfare at læring ikkje skjer av seg sjølv. Har dette blitt vanskelegare å godta etter at klasseromma vart digitale? Ikkje godt å seie, men noko har skjedd med både elevane og kunnskapsnivået dei siste åra.

Som Kolaas peikar på, har skulen blitt meir teoretisk. Det er for få timar i praktiske og estetiske fag. Eit enkelt tiltak kan vera å gi tilbod om slike fag dei veketimane som er sett av til framandspråk. På skulen der eg arbeider, er tilbodet til dei som ikkje vel framandspråk meir engelsk i desse timane. Eg trur som Kolaas, at meir variasjon og fleire moglegheiter hadde gjort ungdomsskulen meir givande for mange.

Elles har eg tru på å oppmuntre, støtte og tidvis pushe dei unge i arbeidet deira med å utvide kunnskapen sin. Å sjå at elevar står på og gjer ein innsats for så å bli fornøgde med det dei har fått til, er noko av det finaste ein lærar kan oppleve.

Hva mener du? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no eller delta i debatten i kommentarfeltet nederst – og husk fullt navn!

Adresseavisen og NTNU inviterer til Ungdommens klimatoppmøte Trøndelag 2024! Les mer her!