Det er i september, oktober og november hovudgrunnlaget for ein god skisesong blir lagt.

Ein som veit alt om å drive barmarkstrening i vestlandsklima er Kristen Skjeldal, lærar ved Olympiatoppen sitt toppidrettsgymnas på Voss. Den tidlegare toppløparen seier tida vi er inne i no er heilt avgjerande for prestasjonane i vinter uansett kva nivå du driv skiløping på.

- Vi er blitt meir klar over at det er lurt å leggje eit godt grunnlag også om sommaren. Men skal du verkeleg få framgang i kondisjon, styrke og teknikk, er september, oktober og november avgjerande treningsmånader. Og då er det barmarkstrening som gjeld, seier Skjeldal.

45 prosent rulleski

Han fortel at rulleskigåing blir ein stadig viktigare del av barmarkstreninga, og meiner 45 prosent av tida går med til trening på hjul og med stavar langs landevegen eller i den tre kilometer lange rulleskiløypa i NM-anlegget i Herresåsen. Løpsøkter utgjer også om lag 45 prosent av den samla treningstida på barmark. 10 prosent av den totale treningstida reknar Skjeldal grovt sett går med til styrketrening.

85 prosent av løpsøktene er rolege eller moderate økter med 120–140 pulsslag i minuttet for ein med makspuls på 200. 15 prosent av løpsøktene er intervalløkter med 180–190 i puls.

- Gjer deg sterk

- Det er ein forskjell på dei utøvarane som har i seg at dei skal kome seg ut og synest det er kjekt når dei først har gjort det, og dei som tenkjer «uff!». Når den tanken kjem snikande..., seier Skjeldal og lèt konklusjonen hengje i lufta.

Det er velkjent at barmarkssesongen er ei tid på året det kan vere vanskelegast å motivere seg, og at mange får nok og legg opp. Skjeldal meiner denne perioden skil dei som har toppidrettsutøvaren i seg frå dei som ikkje har det.

- Når du skal ut dag etter dag, veke etter veke, viser det kven som har karakterstyrke. Alle har dagar der vi tenkjer «uff, må eg dette!». Har du for mange dagar der du tenkjer slik, blir det vanskeleg. Det er viktig å tenkje at dette skal vi leve med, at det skal gjere deg sterkare, at det er eit pluss med ruskevêr, seier Skjeldal.

Privilegert på finvêrsdagar

Han understrekar at det også er mange dagar med fint vêr i barmarkssesongen, og at dei dagane gjer det verd å slite seg gjennom dagar med regn og vind.

- Vi nyt dei dagane det er fint vêr og vi kjem oss opp på fjellet. Då føler du deg som verdas mest privilegerte, seier han.

Skjeldal peikar på at barmarkstrening er ei spesielt aktuell treningsform for folk på Vestlandet der det mange stader er mildt og snøfattig. Han peikar også på at dette er trening som kan gjerast alle stader med få hjelpemiddel, av folk i alle aldrar og med ulikt utgangspunkt. Det er allsidig trening som styrkar kropp og sjel.

- Det er kjempetrening, meiner han.

- Det er ikkje problem å vere skiløpar eksempelvis i Bergen og trene barmark, så lenge du kjem deg på ski i helgane. Eg var på landslaget saman med Solveig Pedersen, ho var i verdstoppen med base i Kristiansand og trente barmark store delar av året, fortel Skjeldal.

Han fortel at skiløparane lever godt med barmarkssesongen ut heile oktober, men i starten av november byrjar utolmodet etter å kome på snø å melde seg.

LES FLERE SPREKSAKER HER

Å gå med lange steg og stor armsving i bakkane blir kalla «skigang», her demonstrert av Sondre Tysseland. - Teknikken kan brukast i intervalløkter der det er bratt, eksempelvis opp Stoltzen. Vi brukar den også opp bakkar på rolege to-tre timars turar i fjellet, slik at ikkje pulsen blir for høg, forklarer Kristen Skjeldal. Foto: Rune Sævig
Ei øving som styrkar stakemuskulaturen og som ein kan gjere kvar som helst, er «dips». Du legg deg med ryggen mot ein benk eller stol og hevar kroppen opp og ned. Åsne Ulvund viser. Foto: Rune Sævig
Åsne Ulvund (18) viser her ei øving med vekter som styrkar muskulaturen du brukar når du stavar deg fram. - Anders og Jørgen Aukland blir rekna for å vere dei råaste stakarane, dei brukar tre øvingar og dette er ei av dei. Øvinga kan gjerast med stong også, seier Kristen Skjeldal. Foto: Rune Sævig