Korleis vil politikarane i Trondheim sikre betre øvingsforhold for korpsa i byen?

2023 vart året då Musikkforeningen Nidarholm blei europameister. Ila Brassband vart på si side tildelt Trondheim kommunes kulturpris for 2022.

Saman er vi langt meir enn fritidssyslar: vi er heilårs konsertarrangørar som tek heile byen i bruk, vi er oppdragsgivarar for profesjonelle aktørar, vi er motivasjon og springbrett for ambisiøse ungdommar og vi er representantar for Midt-Noreg i nasjonale og internasjonale konkurransar.

Vi er levande kulturberarar midt mellom det profesjonelle og frivillige kulturlivet i byen vår. Mangel på eigna øvingslokale er eit stort hinder for utviklinga vår.

Musikken vi speler er akustisk lydsterk, og etter nasjonale akustikkstandardar øver Musikkforeningen Nidarholm på under halvparten av anbefalt areal. Ila Brassband øver også i for små lokale, som i tillegg er svært utsett for innbrot og hærverk.

Mangelen på akustisk tilpassa lokale gjer det utfordrande for oss å sikre eit trygt arbeidsmiljø for dirigentane våre, eit godt øvingsmiljø for musikantane, og det er eit stort hinder når vi jobbar med å utvikle oss til stadig høgare nivå.

Situasjonen vår er dessverre typisk for det mange musikkaktørar i Trondheim opplever. Behovet for fleire og betre lokale for kunst- og kulturføremål er stort, ifølge utgreiinga byrået Bjuda På gjorde for Trondheim kommune.

Dei viser til at mange aktørar øver i idrettshallar og andre lokale som ikkje er eigna for føremålet, og som verken er tilfredsstillande med tanke på akustikk, ventilasjon eller lagringsplass.

I rapporten står det: «Mange av aktørene har store ambisjoner for egen utvikling og utvikling for sitt felt, men peker på at de mangler produksjonslokaler og samlokaliseringer for å legge grunnmur for videre vekst.»

Det er politisk semje om at det også i framtida må vere gode produksjonslokale til kunst- og kulturføremål på Nyhavna.

Vi er glade for at kulturen allereie står på agendaen i meiningsskiftet om korleis denne bydelen skal utviklast. Her er likevel ei oppfordring frå oss: Dei store, akustiske formata må også ha ein plass. Det gjeld ikkje berre på Nyhavna i framtida, men her og no i dagens Trondheim.

Dei siste åra har kommunale støtteordningar blitt styrka, og det merkar vi! Vi er heimbyen til Luftforsvarets musikkorps, NM janitsjar og eit svært levande korpsmiljø både blant vaksne, barn og ungdommar.

Utviklinga stagnerer likevel grunna for få og for dårlege produksjonslokale. Trondheim har potensialet til å bli Noregs korpshovudstad – men kor skal vi bu?

Trøndelag musikkråd og Norges musikkorps forbund Trøndelag stiller seg bak utsegnet.

Hva mener du om byutvikling og kulturlivet i Trondheim? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no.