Min valgkampsak

Miljødirektoratet har lagt fram ein omfattande rapport om korleis Noreg skal kutte klimagassutsleppa innan 2030. Dei listar opp 85 tiltak og det viktigaste er at vi skal elektrifisere alt vi kan, og bruke store mengder karbonfangst.

Fleire ekspertar tviler på realismen i planane. Dei spør om kva det vil koste og kvar straumen skal kome frå. Meir utbygging av vasskraft, vindturbinar på land, havvind, atomkraft, straumimport?

Men fortvil ikkje. Vi har mange av svara allereie, blant anna i Trondheim.

  • Den nye Myrahallen til Byåsen idrettslag har jordvarme. Det fungerar glimrande med lite behov for vedlikehald. Dei sparer straum som kan gå til andre gode klimatiltak.

  • Tiller vidaregående skole har investert i Enøk og redusert behovet for innkjøpt energi med 80 prosent.

  • Asko på Tiller har solceller på taket og produserer reint hydrogen til lastebilane sine.

  • Sjøvarme er i bruk over heile landet. Nordfjordeid har blitt oppvarma av sjøvatn sidan 2004 og same systemet blir no innført på Hammerfest nye sjukehus.

  • Fjell skole i Drammen har installert jordtermoser som lagrar varme til vinteren. Varmen kjem frå solceller, solfangarar og varmepumper. Tvedestrand vidaregåande skole brukar same teknologien og er no netto energiprodusent.

Eksempla er mange og gode, og dette veit Miljødirektoratet mykje om. Men dei hadde merkeleg nok ikkje mandat til å snakke om energiproduksjon i rapporten. Trur regjeringa at utfordringane med fornybar energiproduksjon er vanskelegare enn dei eigentleg er, eller vil dei ha mest mogleg karbonfangst og lagring og store utanlandseigde vindparkar?

Dette må bli tema i valkampen. Mykje av energikrisa kan løysast med lokal varme-og energiproduksjon og gode Enøk-tiltak. Dette sikrar nasjonalt eigarskap og kontroll med energiforsyninga og styrkar sjølvberging og beredskap.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!