Han skriv litteratur i verdsklasse. Vi håper nobelprisen også får fleire nordmenn til å lese Jon Fosse.

Søndag får Jon Fosse nobelprisen i litteratur. Da storhendinga vart annonsert den 5. oktober, sa ein takksam Fosse at han ser pristildelinga «som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga». Det nynorske språket er ein uskiljeleg del av Fosses forfattarskap. Vi gratulerer av den grunn både Fosse og nynorsken med prisen.

Jon Fosse er fjerde norske forfattar som får verdas viktigaste litteraturpris. Han føyar seg godt inn i rekka etter Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun og Sigrid Undset, 95 år etter at ho fekk siste pris til Noreg. I grunngivinga til Svenska Akademien sei dei at han fekk prisen for «innovative skodespel og prosa som gjev ei stemme til det usagde».

Fosse har vore nemnd som kandidat til prisen i 20 år, så det var ein favorittsiger. I Nobelforelesinga torsdag var Fosse rørande personleg om korleis angsten for å lese høgt på skolen leda han mot det å skrive, til litteraturen. «Eg fann liksom ein stad der inne i meg som var berre min, og frå den staden kunne eg skriva det som var berre mitt», sa han.

Noregs Mållag oppfordrar til å heise flagget på prisutdelingsdagen. I 40 timar skal det lesast 40 skodespel av Fosse på NRK i helga. Nobelprisen har framleis ein høg status. Difor kan ein no finne bøker av Fosse på større flyplassar over heile verda. Vi håper prisen også får fleire nordmenn til å lese Fosse.

Fosse er alt omsett til meir enn 50 språk. Drama, romanar, barnebøker, essay og forteljingar utgjer eit rikt forfattarskap. Trøndelag Teater syner for tida ei utmerkt oppsetting av den store svenske dramatikaren Lars Norén, «Natten. Kaos. Stillheten». I ein av filmsnuttane som rammar inn framsyninga, sit Noren - som omsette «Nokon kjem til å komme» til svensk - og diskuterer med Fosse. Svensken seier at språket til Fosse er så særmerkt at han vurderte å foreslå å spela teksten på nynorsk i Sverige. Fosse humrar til det. Det er humor også i litteraturen hans. Sjølv om den no får fortent hyllest som verdslitteratur, gjer den seg best på nynorsk.