Eg er bebuar på Møllenberg. I 2021 måtte me flytte frå bygarden me budde i. Eg hugsar endå salsprosessen. Til visninga dukka den eine låge sportsbilen etter den andre opp, med godt vaksne pappagutter med boblejakker og rutete skjerf rundt halsen.

Innimellom går eg forbi bygarden der me budde før. Den gamle leilegheiten vår er ikkje til å kjenne att. Gjennom vindauga ser eg lettveggane som har kome opp, ein vegg mellom kvart vindauge. Brus og ølboksar i glaskarmane. Prosessen der blei nett som me frykta. Det blei ombygging, utrøsking, reinsking og renovering. Hyblifisering. Og nok eit sugerør inn i bydelen.

Me kjøpte ny bustad på Møllenberg, for me vil at ungane våre skal halde fram i klassa si på Bispehaugen. I det nye området vårt er det endå ei blanding av barnefamiliar, eldre, og sjølvsagt, ein stor andel studentar. Men no har ei endring skjedd, tenkte me. Kommunen er på ballen no. Møllenberg er under oppsyn. Det blir stopp no. Stopp på hyblifiseringa. Tenkte me.

28. mars i år vedtok formannskapet å selje dei kommunale gardane Weidemanns vei 8 og Gamle Kongevei 9 på den opne marknaden. Fyrstnemnde er naboen vår. Eg kjende eit gufs frå 2021. Og endå verre blei det her om dagen då den fyrste Lamborghinien (eller var det Ferrari?) dukka opp utanfor Weidemanns vei 8, og ein pappagutt i boblejakke forsvann inn i salsobjektet.

Ikkje snakk til oss om Møllenbergprosjektet når kommunale bygardar blir selde til nett dei same aktørane som alltid.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe