Stadig fleire har nå fått med seg at det blir spådd at om få år vil det bli underskot på elektrisitet (el).

Frå regjeringa, NHO og LO går det meldingar ut om at alle kommunar må sjå seg rundt og finne areal der det kan bli bygd ut energiproduksjon. Kvar kommune må ta ansvar for det «grøne skiftet» og at måla om utfasing av fossil energibruk blir nådd.

Med dette som bakteppe fer ulike selskap rundt til grunneigarar og kommunar på jakt etter areal for vind- og solkraft. Då er det særleg kommunar med store areal og dårleg økonomi som er lettaste bytte.

Men og dei som vil bruke billig energi er på jakt i dei same kommunane.

Dette handlar om konsesjonskraft.

Då den store utbygginga av vasskraft kom i gang for 70 år sidan, vart det bestemt at kommunen der det vart bygd, skulle få del i verdien av energiproduksjonen.

Ved kvar konsesjon vart det regulert kor stor del av produksjonen som kommunen skulle få og at prisen på denne konsesjonskrafta ikkje skulle vere høgare enn sjølkost.

Kvart år blir denne prisen fastsett i budsjettet som Stortinget vedtek. I 2024 er prisen sett til12,31 øre/kWt.

Magne Vågsland Foto: Morten Antonsen / Adresseavisen

I Trøndelag har vi fleire kommunar som alle har stor kraftproduksjon, for eksempel Tydal, Namsskogan og Røyrvik.

Dette er kommunar med lite folketal, lite næringsliv og lite energiforbruk. I 2020 var el-forbruket i desse kommunane 66,7 GWt.

Men desse kommunane har til saman 202,8 GWt konsesjonskraft. Med andre ord langt meir enn det dei treng i eigen kommune.

Då er regelen slik at den delen av konsesjonskrafta som ikkje kan bli bruka i kommunen blir overført til fylket. Både kommune og fylket kan fritt selje denne krafta til så høg pris som mogleg.

For Tydal er mengda av konsesjonskraft 110 GWt mens forbruket var på berre 36,5 GWt. Dersom denne krafta i 2020 vart seld til f. eks. 40 øre/kWt og prisen på konsesjonskraft var sett til 12 øre/kWt, fekk Tydal ei inntekt på konsesjonskraft på 10,2 mill kr.

Resten av konsesjonskrafta gjekk til fylket som tente 20,6 mill. kr (like prisar). Då er det lett å forstå at Tydal gjerne ville lokke til seg verksemd med høgt energiforbruk.

Og slik gjekk det. I 2022 kom datasenteret i gang og produksjon av kryptovaluta er særs energikrevjande. Dette året auka forbruket til 98,6 GWt.

Slik skaffa kommunen seg inntekt frå bortimot all konsesjonskraft og kanskje var det datasenteret som kjøpte denne krafta til god pris.

Det er den same tankegangen som ligg bak når Adresseavisen skriv om Røyrvik kommune som gjerne ser at det kjem eit datasenter til kommunen. Får kommunen rett til all konsesjonskraft kan Røyrvik auke inntekta med for eksempel 10 mill. kr.

Dette er ikkje originale eksempel, men sikkert typisk for mange fattige vasskraftkommunar rundt i landet.

Her er det Stortinget som kan endre vilkåra både for kommuneøkonomi og vilkår for sal av konsesjonskraft.

Statkraft kunne blitt instruert til å kjøpe all konsesjonskraft frå kommunen til regulert marknadspris slik at fattige kommunar ikkje blir lette offer for kryptoproduksjon.

Det er meiningslaust styresmaktene legg til rette for at Norge skal bli eit Klondyke for datasenter som kan skryte av at dei produserer krypto med fornybar elektrisitet.

Dersom alle planar for datasenter i desse tre kommunane blir realisert kan det føre til eit forbruk på over 4 TWt (1,5 gonger så mykje som Trondheim).

Når kraftprodusentane heiar på auka forbruk er det Stortinget som må ta ansvaret for at ikkje meir natur går tapt. Når Stortinget ikkje prioriterer kva krafta skal brukast til, men let alt bli kalla grønt skifte, er det klart at vi kan få underskot på kraft.

Hva mener du? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no eller delta i debatten i kommentarfeltet nederst – og husk fullt navn!