Hødd jaktar framleis sin fyrste siger på bortebane, men på søndag kan den komme mot Ull/Kisa.

Etter den sterke sigeren mot Mjøndalen torsdag er Hødd oppe på tiandeplass på tabellen, men det er berre fire poeng ned til KFUM Oslo på nedrykksplass.

Med 27 poeng på 22 kampar har Hødd framleis ein veg å gå før ein kan puste letta ut. Tiandeplassen dei har no er den høgaste plasseringa dei har hatt sidan første serierunde.

Minst åtte poeng til

– Eg trur vi må få med oss 35–36 poeng før vi kan vere sikre på at plassen er berga. Vi må klare det raskast mogleg, seier Hødd-spelar Steffen Moltu til Sunnmørsposten.

I fjor var Fredrikstad det siste laget som berga plassen med 35 poeng. Året før hadde det heldt med same poengsummen, men då hadde Nest-Sotra 37 poeng på den siste sikre plassen. I 2013 berga Ull/Kisa plassen på betre målskilnad enn Vard Haugesund.

NO skal det losne

– Det er så jamt på tabellen at om vi tapper i helga, så kan vi plutseleg vere berre eitt poeng over streken. Vi treng truleg tre sigrar til, seier midtstopparen.

Hødd er det nest beste heimelaget i divisjonen, berre slått av serieleiar Kristiansund BK. På bortebane står Hødd med berre ein uavgjort og ni tap. I tillegg til Hødd står også Ull/Kisa, Bryne og Raufoss utan siger på bortebane.

– Det er heilt absurd at det skal vere slik. Det er ikkje normalt å ikkje ha vunne kampar på bortebane, men vi satsar på at det kjem no, seier Moltu.

Slo dei heime

Hødd slo Ull/Kisa 1–0 på Høddvoll tidlegare i år etter at Joachim Magnussen scora ein time ut i kampen.

– Eg håper at vi tar med oss det gode vi har prestert på heimebane til denne kampen. Det sit mykje i hovudet når du har hatt mange dårlege opplevingar på bortebane. Eg er inne i ei god periode no, seier Hødd-assistent Karl Oskar Fjørtoft.

– Det bur mykje i laget som eg håper vi også klarer å vise på bortebane resten av sesongen, seier han.

PS: Christoffer Aasbak må stå over kampen på grunn av karantene.