På eksamen skal vi vise det vi kan til ein sensor, men i fleire og fleire fag har det blitt ein rein parodi.

Nok ein eksamensperiode omme, og eit nytt semester er i emning. Etter tallause timar på lesesal, tusenvis av sider, forelesningar og obligatoriske øvingar er det tid for fire timar i eksamenslokalet på Sluppen i mai. Akkurat slik tusenvis av andre studentar har gjort før oss. Likevel er ikkje alt som før.

Før var eksamen på NTNU noko av det mest føreseielege ein kunne ha. Pensum var godt kjent, det same med oppgåvetypen. Det betydde ikkje at eksamen var lett, men ein visste i stor grad kva som kom og korleis oppgåvene vart vektlagt.

No er dette brutalt endra. I fleire og fleire fag ser vi no at eksamen består av avkryssingsoppgåver på pc der ein skal krysse av for rett svar, og får minuspoeng for feil. Oppgåvene krev stort sett at ein må kladde og gjere utrekningar før ein svarer, men denne får ein ikkje levere inn slik som tidlegare. Heilt sidan vi starta på studiet har vi lært at vi skal vise korleis vi tenker, og skrive dette ned. Slik er også forma på alle dei obligatoriske øvingane undervegs i semesteret, men akkurat på eksamen skal ein prøve noko nytt. Korleis skal ein vise korleis ein tenker når ein berre skal krysse av i ein boks? Korleis får vi vist at vi kan det vi svarar på?

Eg kan gi endå eit døme på kvifor dette er heilt på trynet. Oppgåvene på ein eksamen bygger ofte på kvarandre, og på enkelte eksamenar kan ein slurvefeil som å bytte ut eit punktum med komma koste deg fleire karakterar sjølv om all utrekninga er rett. Teoretisk sett kan ein stryke, sjølv om ein har full kontroll på pensum. Ingen plass i verda har det større konsekvensar å bytte eit punktum med eit komma enn på eksamen på NTNU.

I ei årrekke har sensorar lest gjennom eksamensoppgåver og sett karakter basert på ei heilheitsvurdering, nettopp fordi dette er den beste vurderingsforma. Det finnast berre ein fordel med den nye ordninga. Ettersom eksamen er digital med avkryssingsoppgåver kan sensor enkelt overlate jobben til ei datamaskin. Dei klagar neppe over at automatisk retting forlengar juleferien.

Det er eit stort paradoks at NTNU brukar store ressursar på å lage gode undervisningsopplegg i semesteret, men verkar samtidig for å skulle spare pengar på sensuren av eksamen. Det går ikkje an å tryne meir på målstreken.

Noregs største universitet må evne å prioritere. Rektoratet, administrasjonen og professorane kan skrive så mykje dei berre vil om kor viktig campusprosjektet er, men i realiteten betyr det ingenting viss innhaldet i undervisninga eller kvaliteten på eksamen blir ofra.

Det er på tide at vi får vise det vi kan. Det får vi ikkje med avkryssingsoppgåver, automatisk retting og å bli nekta av innlevering av utrekningar. Eksamensparodien må ta slutt!

Eide er også stortingsvara for Høgre i Sogn og Fjordane, men skriv her på eigne vegne.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe