På et samfundsmøte i Studentersamfundet vart det nyleg fremja eit forslag frå medlemmar. Forslaget var vagt, men kunne likevel bidrege til å sende eit viktig bodskap ut i mediebilete: Samfundet skal tilstrebe å unngå samarbeid med selskap som utvinn fossilt brensel.

I denne samanheng handlar dette om sponsing frå Equinor: «UKAxEquinor». Tross at Equinor brukte store delar av plattforma si til å snakke om fornybar energi, utgjer fornybar energi berre 0,4 prosent av energiproduksjonen og tre prosent av investeringane deira. Noko av reklamen til Equinor er dømt i Storbritannia for villeiande reklame. Dei utnyttar studentar i grønnvaskingspelet deira.

UKA-sjefen fokuserte på konsekvensane for festivalen. Eg opplever at ho berre snakkar om eine sida av saka. Ho påpeikar manglande alternative sponsorar for Equinor. Har Finansstyret og UKA-sjef vurdert å erstatte Equinor med fleire mindre bedrifter?

UKA-sjefen burde brukt plattforma si til å i tillegg snakke om kva studentfrivilligheit handlar om, korleis vi som studentar støttar verdiar vi ikkje står inne for. Treng vi den luksusen som føljer med sponsinga? Ho kunne ha snakka om korleis ein «nedskalert festival» kunne gjeve meir kunstnerisk rom til mindre artistar. UKA er Norges største kulturfestival, og kunne bidrege meir til ope rom for ny kunst.

UKA-sjefen og finansstyret har teke eit standpunkt, sjølv om dei gjentek at dei ikkje har det. Ein frå finansstyret kom opp på talarstolen og snakka om korleis petroliumsindustrien er viktig i det norske samfunn. Dette er heilt irrelevant for diskusjonen – fordi at noko ER betyr ikkje at det BØR VERA slik. For det andre speglar det perspektiva som finansstyret har, og standpunkta dei openbart allereie har teke.

Finansstyret er middelaldrande, som har stemmerett på Samfundet. Eg undrar kva dei har å gjere på Samfundsmøte for studentar. Studentar har ei sterk rolle i samfunnet som idealistar. Desse gamle medlemma, med gullkort, bidreg til å øydelegge studentars posisjon i samfunnet.

Det vart påpeikt at Equinor lot studentar få vera herre i eige hus. Ein slepp reklame i kvar revy. UKA23 jobba eg med å minske matsvinnet. Sjefen var særs oppteken av at UKA skulle få miljøstempel. Då eg jobba, gjekk det studentar med Equinor logo på skuldra. Equinor hadde bedriftspresentasjon i formatet greenwashing på naborommet. Eg grønnvaska UKA. Slave i eige hus.

Dobbeltmoralen viste seg på talarstolen. Talar om korleis forslaget ville øydelagt for framtidige studentar sine moglegheiter. Klimakrisa er den største trugselen menneske står ovanfor i dag, og ein større trugsel for framtidige studentar enn sponsing frå Equinor. Klimakrisa rammar urettferdig, dei fattige, sårbare og framtidas studentar.

Eg er tom. Skjønar det ikkje gjekk gjennom når finansstyret og UKA-sjef har teke standpunkt. Studentar lyttar til dei, og er redde for at Samfundet skal gå konkurs. Som nemnd i salen, kunne ein i følgje forslaget ha fortsatt med sponsoravtalen, om det var ein risiko for at Samfundet skulle gått konkurs. Det kostar å ta dei rette vala, og for denne gong var det enklare å ikkje gidde å prøve.

Er det boikott av Studentersamfundet som er neste steg? Eg er ikkje interessert i å arbeide timesvis som frivilleg for UKA når verdiane tråkkar på 1,5 gradersmålet.

Hva mener du? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no eller delta i debatten i kommentarfeltet nederst – og husk fullt navn!