No er det snart avgjort om Tillermarka skal bli bygd ut til næringsbygg eller ikkje.

Tillermarka ligg på Tiller, litt bortanfor City Syd og vegen mot Vassfjellet, like ved mange barneskular og barnehagar. Beliggenheita gjer at ein kan gå fram og tilbake frå skule og barnehage, utan å bruke transportmiddel. Området foreslått til regulering er på størrelse med Lerkendal x 7.

Dette er ei sak som har pågått lenge.

Anne Sofie Linge-Valdal vil bevare Tillermarka. Foto: Privat

Tillermarka har ein så utruleg rik naturbruks-og artsverdi, at eg kan ikkje fatte at det ikkje er nok til at den skal få stå som den er og fortsette å gje glede for vi som bur der. Nødvendig glede.

Eg er ei småbarnsmor som fryktar for næringsgrunnlaget til ungane mine.

At barnehagen til ungane mine, og over 400 barn og unge i området, får gå tur til Løvåsen kvar veke, betyr så uendeleg mykje for dei. Dei gler seg kvar einaste gong, kvar einaste veke, og eg merkar utviklinga på mine ungar frå desse turene.

Å ha naturen i nærområdet og besøke den fast kvar veke, er uvurderlig og ein viktig del av læringsgrunnlaget for borna.

Ein dag her i vår kom det fra femåringen min: «Mamma! I dag fann vi ei død mus på stien til Løvåsen, på turen vår! Vi gav den en begravelse og så sang vi musevisa.» Veka etter kom det henrykt frå femåringen: «Mamma! Grava til musa låg der enno, og kvistene vi la oppå ligg der framleis!»

Ei slik oppleving for desse små barnehageborna er unik.

Eg er så redd for at dette skal bli tatt bort, og at ungane ikkje få oppleve naturen rundt her meir. Det er så sårt å tenkje på.

Kva med FNs miljøkonvensasjon?

Og barnehagelova? Den som seier at: «Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen.»

Videre i §2 «Barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter.»

Betyr dette verkeleg ingenting? Kva er vitsen med desse lovene og paragrafene når det ikkje gjeld i slike saker som dette?

Er det ikkje viktig nok?

Tillermarka er meir enn eit turterreng.

Og kven av de som bestemmer dette, vil ta på seg oppgåva med å fortelje mine ungar at turen deira til Løvåsen ikkje blir meir? Sjå dei inn i augene og forklare kvifor?

Hva mener du? Slik skriver du for Adresseavisen Midtnorsk debatt!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe