Vi sender borna våre i barnehagen fem dagar i veka, og overlet med det ansvaret for det viktigaste vi har til nokon andre. Der møter vi kvar dag dyktige tilsette som står på for at borna våre trivst, vert utfordra, meistrar, og møter trygge fang dei kan krype opp i. Dette gjer me med tillit, men vi følger den politiske utviklinga med uro.

1. november 2023 la regjeringa fram eit forslag til nytt regelverk for private barnehagar. Dette kan føre til at fleire barnehagar i Trondheim i dag må avvikle drifta, slik vi allereie ser det skje i Malvik kommune. Difor vil vi som foreldre i barnehagen Dronning Mauds Minne (DMMB) uttale oss.

Kari Gulstuen Krogh og Signe Braut, fra FAU i barnehagen Dronning Mauds Minne. Foto: Kollasj

Målet med endringa av finansieringa av barnehagar må vera å sikra alle born eit likeverdig og godt tilbod. I dette forslaget ligg det mellom anna at kommunane skal få bestemme kor mykje private barnehagar får i tilskot, samt at kommunen skal kunne bestemme kor mange born dei private barnehagane skal ta inn. Dette fører til ein usikker kvardag for dei tilsette, og ei usikker framtid for oss.

Frå vår ståstad har det ikkje hatt noko å seie om barnehagen er offentleg eller privat. Barnehagen vår er ikkje profittdriven, men ei ideell stifting. Eit eventuelt overskot går tilbake til borna. Barnehagen har heller ingen av dei økonomiske fordelane som ligg i å vera ein del av kommunal drift.

No driv den under stramme økonomiske vilkår, og vil ikkje vera i stand til å tole den føreslegne lovendringa. Kyrkjeeigde barnehagar har fått unntak frå kravet om at barnehagen skal vera eit sjølvstendig rettssubjekt, fordi dei driv under heilt andre føresetnadar enn offentlege barnehagar. Dette meiner vi også gjeld for DMMB og resten av Trondhjems Asylselskap (TA) sine barnehagar.

Dei tilsette i barnehagen syt for eit variert og godt pedagogisk tilbod, men dette er på tross av trange økonomiske rammer. Når barnehagen ikkje har råd til fargeblyantar til borna, er ikkje dette eit resultat av dårleg økonomisk styring, men av ei overstyring som ikkje er bærekraftig. Tiltaka i lovforslaget er heller ikkje med på å skape ein føreseieleg arbeidsplass som rekrutterer fleire fantastiske tilsette i barnehagen.

Om borna våre skal fortsette å få eit god tilbod i nærmiljøet sitt, er ein heilt avhengige av at loven legg til rette for at alle born skal få det like godt, uansett kva for ein barnehage dei går i. Vi ser ikkje at dette handlar om han er offentleg eller privat, men om å ta vare på nærbarnehagen til mange barnefamiliar.

I DMMB gjeld dette 44 familiar i området Dalen/Lilleby. I barnehageforliket i 2003 vart det kommunale avhengig av det private for å kunne tilby full barnehagedekning. DMMB konkurrer ikkje med eit offentleg tilbod. Kommunen har ikkje eit alternativ til dei 59 borna som skulle bli ståande utan barnehage viss TA må avviklast.

For oss handlar dette om barnehagen vi har vorte så glade i, men større handlar dette om foreldre sin moglegheit til å planlegge for familien sin og borna våre sin rett til å ha ein trygg og god barnehageplass i sitt eige nærmiljø.

Hva mener du? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no eller delta i debatten i kommentarfeltet nederst – og husk fullt navn!