Eg utdannar grunnskulelæraren som skal ha din unge frå første dag som seksåring og heilt ut tiande klasse. I etterkant av forslaga om å legge ned fleire MDD-linjer i fylket er det sagt mykje klokt, og det burde ikkje råde nokon tvil om kor brutalt slike politiske truslar treff. Dette utdanningstilbodet er viktig på så mange måtar, ikkje minst fordi det gir ungdomar sjansen til å ta forsiktige men sjølvstendige steg inn på nye felt, og gjennom dette utvikle fagleg sjølvtillit, tryggleik og identitet.

Sjølv har eg jobba med musikk i lærarutdanning sidan 2008. Eitt av dei største studieprogramma våre er den femårige grunnskulelærarutdanninga. Kvart år møter eit nytt kull med ferske studentar opp på Kalvskinnet, og av ulike årsaker vel ein god gjeng av desse å spesialisere seg innan musikk. Musikkbakgrunnen studentane kjem med er svært forskjellig – nokon har knapt sett eit instrument sidan klassetimar i gitar på ungdomsskulen, medan andre allereie har fått høve til å vandre den første etappen innanfor musikk. Til saman skapar dette eit unikt læringsfellesskap som er litt ulikt frå år til år. Det som likevel er svært tydeleg er kor viktig studenten med MDD-bakgrunn er inn i denne gruppa. Det er få ting som er så kraftfullt i eit læringsfellesskap som den trygge medstudenten, som gjennom handling og samtale formidlar musikkfagleg sjølvtillit, som tør å synge høgt i gruppa, som tør slå hardt på skarptromma, som tør dra med seg medstudentane i dans på golvet, som føler seg fri til å improvisere, som tør gi rom for andre, og som tør vere personleg og by på seg sjølv gjennom musikken. Ein slik tryggleik smittar, den inspirerer, den viser at det er mogleg for alle å ta nye steg inn på framandt territorium. Ein slik tryggleik løftar alle i gruppa og skapar medvind gjennom studiet. Det er denne tryggleiken vi ynskjer å sende med den ferdigutdanna musikklæraren ut i skulane rundt omkring i landet, og som til sjuande og sist ender opp som gode musikalske og identitetsbyggande opplevingar for barnet ditt.

Det er denne tryggleiken som no står i fare om forslaget om å stenge ned MDD-linjene går gjennom. Ringverknadane frå eit slikt grep når langt, og prisen må betalast, ikkje berre av dagens ungdomar som skal ta til på vidaregåande utdanning, men også av dei minste som enno ikkje har starta å gle seg til første skuledag. MDD-linjene sender frå seg unge vaksne med kompetanse og tryggleik innan fagområde samfunnet treng på så mange ulike måtar, ikkje minst i skulen.

Å redusere dette tilbodet er å gå i feil retning.

MDD-linjene treng vi for å gi trygge lærarar, og trygge lærarar treng vi for å gi trygge elevar!

Tirsdag 17. Oktober på Adressahuset: Portrettintervju LIVE med Kent Ranum Facebook

Blir man lykkeligere uten skjerm? Møt Michael Stilson som har vært avlogga siden september: Avlogga: Lykkeligere uten skjerm? Facebook