Staten brukar kvart år i overkant av 40 milliardar kroner på universitet og høgskular. Kring éin av milliardane har gått til kapasiteten som trengst for å tilby studentar frå land utanfor EU/EØS gratis utdanning. Etter at land etter land har innført studieavgift for denne gruppa, var Noreg med nokre mindre unnatak åleine i Europa om å tilby gratis utdanning til heile verda. Norske studentar må også i dei fleste tilfelle betale skulepengar når dei studerer i utlandet. Regjeringa og eit breitt fleirtal på Stortinget såg ikkje lenger denne ressursbruken som ei fornuftig prioritering, spesielt ikkje i ein situasjon med strammare budsjett og aukande kompetansemangel i Noreg.

Ein sentral påstand i kritikken mot innføringa av studieavgift, er at «gratisprinsippet i høyere utdanning er dødt og begravet», som Guro Lind i Forskarforbundet og Oline Sæther i studentorganisasjonen formulerer det på Midtnorsk debatt 10/7. Denne retorikken er på viddene.

Det er heilt uvanleg at norske velferdstenester er gratis for alle utanlandske statsborgarar, utan at det av den grunn er snakk om at gratisprinsippet er daudt. Folk frå land utanfor EU/EØS utan medlemskap i den norske folketrygda har til dømes ikkje rett på gratis helsehjelp i Noreg, så for dei er helsehjelp i Noreg svindyrt om dei ikkje har helseforsiking. Gratisprinsippet i høgare utdanning står sjølvsagt fjellstøtt for norske borgarar og personar som har lov- og avtalefesta rettar på line med norske statsborgarar. Det vil seie personar med ulike former for fast opphald i Noreg og frå EU/EØS/Sveits, til dømes dei ukrainske flyktningane som kjem til Noreg.

Eit anna argument mot innføringa av studieavgift er at universitets- og høgskulesektoren var imot. Ja, som venta, men det hadde neppe vore mindre motstand mot andre budsjettiltak av same storleik. Det som regjeringa og Stortinget har ansvaret for, i motsetnad til alle andre, er å lage statsbudsjett som er nokolunde i balanse. Det stod difor eit breitt fleirtal bak innføringa av studieavgift (Ap, Sp, SV, H og Frp). Lind, Sæther og andre har full rett til å halde fram arbeidet for å få reversert vedtaket, men det er urealistisk å tru at det skal finnast eit framtidig stortingsfleirtal som er villig til å prioritere såpass mykje pengar på dette.

Det har vore uttrykt mykje forståeleg uro for at det blir meir krevjande for studentar frå låginntektsland å studere i Noreg. Den kritikken har rett nok ikkje teke inn over seg at desse studentane må betale skulepengar i dei aller fleste andre land. Men regjeringa deler uroa og er i gang med å greie ut stipendordningar som det vil vere mest aktuelt å rette mot det globale sør. Me ser at andre land også har laga ordningar som målretta hentar utanlandsk kompetanse for å dekkje eigen arbeidskraftmangel. Men me kjem ikkje lenger til å bruke ein milliard på at norsk høgare utdanning på generell basis skal vere gratis for studentar frå USA, Canada, Australia, Kina, Japan og ei rekkje andre høg- og mellominntektsland der norske studentar oftast må betale skulepengar.

Forsking og høgare utdanning er gjennomgripande internasjonale fenomen, og slik vil det heldigvis halde fram. Talet på utvekslingsstudentar inn til Noreg aukar no etter pandemien, og det er gledeleg. Dette baserer seg på fagleg samarbeid mellom norske og utanlandske institusjonar. Studentar på nasjonale utvekslingsprogram eller utvekslingsavtalar mellom institusjonar kan framleis studere gratis i Noreg.

Politikerne har sine valgkampsaker – men hva er din? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no.