Det statlege barnevernet har den siste tida ikkje evna å skaffe eit godt tilpassa tilbod raskt nok til alle barn og ungdom som treng det. Det ser vi dømer på både i Midt-Norge og andre stader i landet. Denne situasjonen tar regjeringa svært alvorleg. Men det er ikkje riktig som politisk redaktør Siv Sandvik antydar i Adresseavisen 12. april, at regjeringa har skapt situasjonen sjølv gjennom å kutte i budsjetta til barnevernet.

Reduksjonen i budsjettet for 2023 var eit resultat av redusert aktivitet og færre barn med opphald i barnevernsinstitusjon i Norge. I perioden 2015–2022 var reduksjonen på 21 prosent. Når bruken av barnevernsinstitusjonar går såpass kraftig ned er det ikkje unaturleg at budsjettet må ta omsyn til det. Det gjeld for barnevernet som for alle andre sektorar. Regjeringa har likevel ikkje redusert finansieringa like mykje som nedgangen i bruk skulle tilseie – nettopp av omsyn til beredskapen i barnevernet.

Det siste halvåret har vi så opplevd ein stor og uventa auke i talet på barn og ungdom som treng plass på barnevernsinstitusjon. Samanlikna med same periode eitt år tidlegare har det i vinter vore ei auke i tilvisingar til plassar kalla «behandling høg» på 40 prosent og til akuttplassar på 20 prosent. Samstundes rapporterer tenestene at barna har større problem og behov enn tidlegare.

Det er litt av forklaringa på situasjonen med press på plassar og vanskar med bistandsplikta. Eg kan forsikre om at arbeidet med å vareta bistandsplikta har høgste prioritet. Kapasitetsproblema ein opplever no skal løysast. Alle barn med behov for eit trygt tilbod i institusjonsbarnevernet skal få det. Vi treng i tillegg eit godt samarbeid mellom barnevern, helse og politi for å gi barna best mogleg oppfølging.

Denne regjeringa har eit mål om at staten i framtida sjølv må sikre god beredskap for barna med dei største behova i institusjonsbarnevernet. Sandvik meiner tydelegvis at det ikkje er viktig. Men for å samanlikne med helsevesenet: Vi har ikkje private akuttmottak for dei sjukaste pasientane, dette ansvaret har dei offentlege sjukehusa. På same vis må vi bygge ut eit offentleg tilbod med beredskap til å ta vare på barna i barnevernet, når dei treng det.

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!